Skip Navigation LinksFFI-forum-Framtidens-sjømakt

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Aktuelt / Kalender / Tidligere arrangementer / FFI-forum: Framtidas sjømakt
Aktuelt

​KNM Fridtjof Nansen øver sammen med Marinejegerkommandoen (MJK). Foto: Forsvaret.

 

FFI-forum: Framtidas sjømakt
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
27.08.2013
Linje
Globaliseringa og endringar i det internasjonale maktbildet vil påverke norske interesser og få sitt å seie for Noregs framtidige maritime forsvar.

FFI har analysert framtidas sjømakt, og på FFI-forum 24. september vil tre sentrale tema bli tekne opp:

  • Norske interesser og sjømakt
  • Regionale og globale tryggleiksdynamikkar
  • Teknologiutvikling og sjømilitære operasjonar

Eit landskap i stadig endring

Nye tryggingspolitiske utfordringar og ny teknologi vil setje krav og føre til nye alternativ i framtidas maritime forsvar.

 
Sjøtransport blir stadig viktigare for velstanden vår, samstundes som endringar og usikre faktorar knytte til miljø og klima, utnytting av naturresursane og anna vil vere med å forme bruken av hava.
 
Også faktorar som terrorisme og piratverksemd vil kunne truge interessene våre og setje nye krav til den militære strukturen. 
 
– I ei globalisert verd er trugsmåla flytande og grenseoverskridande. For små nasjonar som Noreg er ei av de viktigaste interessene å halde oppe internasjonal rettsorden på havet, seier FFI-forskar Johan Aas. Han har leidd forskingsprosjektet Norsk sjømakt 2030 og er hovudinnleiar på FFI-forumet.
 

Langsiktig arbeid

Innføring av nye strukturkomponentar krev lang planlegging og gjennomføring.

 
– I løpet av dei neste 20 åra vil fleire av Forsvarets maritime plattformer være modne for utskifting og modernisering. Forsvaret har behov for å setje krav til og prioritere den langsiktige utviklinga av sjømilitære kapasitetar, seier Aas.
 

FFI-rapportar

FFI-forum 24. september

KVAR:
Oslo Militære Samfunds lokaler, Myntgaten 3, Oslo

NÅR:
Tysdag 24. september kl. 13.00-15.00

PÅMELDING:
ffi-forum@ffi.no eller 63 80 72 07
 

INNLEIARE:
Johan H. Aas, prosjektleder og forskar, FFI
Ole Bosse, kommandør og tilbeordret offiser, FFI

KOMMENTATORAR:
Kontreadmiral Bernt Grimstvedt,
generalinspektør Sjøforsvaret og flaggkommandør
Arne Morten Grønningsæter, sjef Operasjonsstab, Forsvarets operative hovudkvarter

© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt