Skip Navigation LinksFFI-forum-Små-satellitter-for-store-oppgaver

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Aktuelt / Kalender / Tidligere arrangementer / FFI-forum: Små satellittar for store oppgåver
Aktuelt
Forsvaret har teke i bruk satellittbasert teknologi på mange område, inkludert posisjonering og navigasjon, kommunikasjon og maritim overvaking.  Her trener ein elev frå Forsvarets ingeniørhøgskole på cyberforsvar under ei feltøving på Spåtind. Foto: Forsvaret.
FFI-forum: Små satellittar for store oppgåver
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
05.02.2014
Linje
Kva alternativ og utfordringar byr moderne romteknologi på for Forsvaret? Dette er eit av spørsmåla det blir sett søkelys på i neste FFI-forum, den 25. februar.

Noreg byggjer eit høgteknologisk forsvar som skal møte dagens og framtidas utfordringar og truslar.

 
Stormaktene, med USA som største aktør, ser på satellittkapasitetar som avgjerande for operasjonsevna si i moderne strid, og har investert store summar i utvikling av avanserte satellittsystem som Global Positioning System (GPS) og Wideband Global Satellite System
 

Satellittbasert teknologi utbreidd

Sjølv om det norske Forsvaret verken eig eller opererer eigne satellittar, er satellittbasert teknologi teke i bruk på ei rekke område, inkludert posisjonering og navigasjon, kommunikasjon og maritim overvaking. 

 
Det meste av dette dreier seg om kjøp av kommersielle kommunikasjonstenester, bilde og bruk av GPS.
 
Romteknologiutviklinga dei seinare åra har resultert i store og avanserte satellittsystem og romfarty, som den internasjonale romstasjonen ISS. Samstundes har utviklinga innafor industri- og forbrukarelektronikk blitt meir kapabel, meir robust og billegare. 
 
Fleire forskingsmiljø har utnytta dette til å utvikle svært små satellittar, som kostar mykje mindre enn forgjengarane.
 

AISSat-1

I 2008 starta FFI opp eit prosjekt for design, bygging og oppskyting av AISSat-1. Satellitten, som berre veg 6,5 kilo, blei utvikla i samarbeid med Norsk Romsenter, Kystverket og Kongsberg Seatex.
 
Formålet var å skaffe daglege oversyn over skipstrafikk i nordområda. AISSat-1 har no operert i over tre og eitt halvt år, og samlar inn globale data om over 30 000 skip i døgnet.
 
Forumet vil ta for seg relevant romteknologi, erfaringane med AISSat-1 og kaste lys på alternativ og utfordringar for Forsvaret, på bakgrunn av den sterke utviklinga som no går for seg innafor romteknologien.

FFI-forum 25. februar

KVAR:
Oslo Militære Samfunds lokaler, Myntgaten 3, Oslo

NÅR:
Tysdag 25. februar kl. 13.00-15.00

PÅMELDING:
ffi-forum@ffi.no eller 63 80 72 07
 
INNLeiar
Richard B. Olsen
, prosjektleder, FFI
 
KOMMENTATORER:
Frank Udnæs
, avdelingsdirektør, Norsk Romsenter,

Arve Dimmen, avdelingsdirektør, avdeling for sjøtryggleik, Kystverket, og ein representant for Forsvaret
 

© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt