Skip Navigation LinksFFI-seminar-hva-kan-vi-laere-av-Afghanistan

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Aktuelt / Kalender / Tidligere arrangementer / FFI-seminar: Kva kan vi lære av Afghanistan?
Aktuelt
FFI har analysert unike data frå dei norske operasjonene i Afghanistan, og presenterer hovudfunna på eit FFI-seminar 28. januar. Foto: Forsvaret.
FFI-seminar: Kva kan vi lære av Afghanistan?
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
13.01.2014
Linje
Kva lærdommar og erfaringar frå Afghanistan kan Forsvaret dra nytte av i framtidige internasjonale operasjonar? Det er hovudspørsmålet under årets første FFI-seminar, 28. januar.
Noreg har kontinuerleg hatt styrkar i Afghanistan i meir enn ti år, og erfaringar her har lagt premissar for og bidratt til endringar i hele Forsvaret.
 
Samstundes har det blitt etablert eit unikt datagrunnlag. Dette kan vere med på å identifisere lærdommar, og inngå som del av avgjerdsgrunnlaget for framtidige internasjonale operasjonar.
Sidan 2010 har FFI gjennomført omfattande meiningsmålingar knytte til utviklinga i Faryab. Desse målingane gir innsyn i korleis lokalbefolkinga ser på utviklinga i sin eigen provins, også etter at dei norske styrkane forlét Faryab i 2012.
 
Samstundes har ei nedgradering av datagrunnlaget om dei militære operasjonane gjort at resultat frå slike analysar i større grad kan bli presentert og bli diskutert opent. 
 

Operasjonsanalyse

Prosjektleiar Frode Rutledal, FFI, forklarer at FFI har lagt vekt på tre område i analysearbeidet sitt.
 
– For det første har vi gått gjennom operasjonsplanane til den norske stabiliseringsstyrken, eller Provincial Reconstruction Team (PRT), i Meymaneh. Dette for å kunne gjere overordna vurderingar av om styrken har nådd måla den har hatt, og korleis dette varierer mellom ulike aktivitetsområde, seier Rutledal.
 
– For det andre har vi gjort statistiske analysar av viktige hendingar. Slike hendingar gir et viktig bidrag i risikovurderingar når militære operasjonar skal planleggast og gjennomførast. Det er ei rekke etablerte sanningar i høve til kva samanhengar som eksisterer.
 
– På det tredje området utforskar vi samanhengar mellom PRT-ets operasjonar og endringar i oppfatninga til dei som bur i området, slik den kjem til uttrykk gjennom meiningsmålingane vi har gjennomført. Dette kan fortelje oss noko om samanhengar mellom dei norske styrkanes aktivitet, og lokale folks oppfatning av utviklinga, forklarer Rutledal.
 

Erfaringslæring

– Med dette seminaret ønskjer vi å vere blant dei som ser til at Forsvaret kan dra lærdommar frå Afghanistan-operasjonen, for framtidige internasjonale operasjonar, avsluttar Frode Rutledal.
 
FFI-seminaret finn stad i Oslo Militære Samfund 28. januar.

FFI-seminar 28. januar

KVAR:
Oslo Militære Samfunds lokaler, Myntgaten 3, Oslo

NÅR:
Tysdag 28. januar kl. 11.00-15.00

PÅMELDING:
ffi-seminar@ffi.no eller 63 80 72 07

FOREDRAGSHOLDARE:
Frode Rutledal, prosjektleder, FFI
Bård Eggereide, forsker, FFI
Svein Martinussen, forsker, FFI
Elin Martinussen, forsker, FFI
Andreas Barstad, forsker, FFI
David Nordli, forsker, FFI
 
Harald Holemark Mathisen, oberstløytnant, sjef Senter for militære erfaringer, Forsvarets høgskole
Egil Daltveit, oberstløytnant, Krigsskolen
Gjert Dyndal, oberst, sjef Avdeling for militærmakt, strategi og doktrine, Forsvarets høgskole

© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt