Skip Navigation LinksSjå-videokast-frå-FFI-forum-om-Nord-Koreas-atomvåpenprogram

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Aktuelt / Videocaster / Sjå videokast frå FFI-forum om Nord-Koreas atomvåpenprogram
Aktuelt
Nord-Korea forsøker å svekke den amerikanske motivasjonen til å komme sine allierte til unnsetning gjennom å true det amerikanske fastlandet med dei kraftigaste våpena sine, meiner Halvor Kippe. Video: FFI.
Sjå videokast frå FFI-forum om Nord-Koreas atomvåpenprogram
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
05.03.2019
Linje
Ein skulle tru det var superhemmeleg. Men FFI-forskar Halvor Kippe veit ein god del om Kim Jong-uns våpenprogram sjølv om han ikkje er spion.

​Tysdag 26. februar arrangerte vi forumet «Kan og vil Nord-Korea bruke kjernevåpen?» i Oslo Miltære Samfund.


Med seg på scena hadde FFI-forskar Halvor Kippe spesialrepresentant for nedrusting Jørn Osmundsen frå Utanriksdepartementet og Henrik Stålhane Hiim, seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).


Kippe bruker åpne kjelder i arbeidet sitt. Han gav nyleg ut rapporten «Nuclear weapons capabilities and doctrines in North-Korea».


– Nord-Korea vil avskrekke USA ved å vise at dei er villige til å ta i bruk kjernevåpen svært tidleg i ein konflikt, meiner Kippe.


Under FFI-forumet diskuterte han blant anna om Nord-Korea kan lykkast med å gjennomføre eit slikt angrep, og om våpena dei har, vil gjere jobben utan fleire testar.

Jørn Osmundsen er spesialrepresentant for nedrusting i Utanriksdepartementet.

Henrik Stålhane Hiim er seniorforskar ved NUPI og jobbar både med asiatisk tryggingspolitikk og kjernevåpenspørsmål. Video: FFI.

© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt