Skip Navigation LinksForsvarets-forskningsforum

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Om ffi / FFIs organisasjon / Forsvarets forskingsforum
Forsvarets forskingsforum
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
17.11.2010
Linje
Forsvarets forskingsforum (F3) skal handsame forslag til nye prosjekt, endringar i prosjekt og prosjektsluttmeldingar som Forsvarets forskingsinstitutt legg fram.

F3 skal sikre at prosjekta er i samsvar med Forsvarets korte og langsiktige behov for forskings- og utviklingsstøtte. I tillegg skal F3 sjå til at det er samordning av slik støtte internt i Forsvaret, og sikre at forskingsresultata blir formidla til Forsvaret.
 
F3 skal vidare sikre at FFIs prosjekt er i tråd med instituttets strategiske plan for vitskapleg verksemd. I somme tilfelle vil føreslåtte prosjekt ikkje vere reflekterte i FFIs planverk. Då skal dette endrast ved prioritering, i dialog mellom Forsvaret og FFI. 
 
F3 er sett saman av representantar frå Forsvarsdepartementet, FFI, Forsvarets militære organisasjon, Forsvarsbygg og Forsvarsmateriell. 
 
F3 blir leidd av sjefen for avdeling for forsvarspolitikk og langtidsplanlegging i Forsvarsdepartementet, og administrerande direktør ved FFI. Dei utgjer saman rådets avgjerande mynde.

© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt