FFIs organisasjon

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Om ffi / FFIs organisasjon
​FFIs organisasjonskart. Illustrasjon: FFI.
FFIs organisasjon
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
04.01.2018
Linje
Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) er eit statleg forvaltningsorgan underlagd Forsvarsdepartementet (FD). Styret er FFIs øvste organ og har ansvar for verksemda til instituttet.

Administrerande direktør

Administrerande direktør er etatsleiar og leier FFIs administrasjon og legg planar for verksemda. Han eller ho har ansvar for at planar og saker som krev det, blir lagde fram for styret. Direktøren har òg ansvar for at administrasjonen set ut i livet dei vedtaka styret har gjort.
 
Administrerande direktør utøver instituttets rådgivande funksjon overfor den politiske og militære leiinga i Forsvaret.

 

Organisering

FFI er organisert i fire forskingsavdelingar og ein instituttstab med fellesfunksjonar for administrasjon og forvalting.


Dei einskilde prosjekta blir tekne hand om i Forsvarets forskingsforum i samarbeid med Forsvaret. Kontakten med Forsvaret blir styrkt ved årlege møte med Forsvarsdepartementet, forsvarsgreinene og Forsvarsstaben. Her blir Forsvarets behov for forsking og utvikling, og FFIs forslag til prosjekt, lagde fram.

 

FFIs status og fullmakter

FFIs forvaltingsstatus inneber at:

  • FFI opprettar sjølvstendig budsjett og rekneskap. Budsjett og rekneskap skal følgje budsjettåret for statsrekneskapen. Rekneskapen blir revidert av Riksrevisjonen
  • FFIs rekneskap blir sendt til Forsvarsdepartementet
  • Inntekter blir uavkorta førde inn i verksemdas bøker
  • FFI er underlagt statstilsettelova
  • FFI har sjølvstendig ansvar for forvaltinga av eigne tilsette, og tilpassar bemanninga og organisasjonen til taktisk oppdragsmengd under dei rammevilkåra som er gitt av FD. Befal under ordre blir forvalta av Forsvaret.

 

Prinsipielle spørsmål som måtte oppstå i FFIs arbeid og som er av ein slik karakter at dei krev ei politisk avklaring, skal leggast fram for FD.

Iverksettingsbrev

Iverksettingsbrevet for langtidsplanen (IVB LTP) formaliserer Forsvarsdepartementets oppdrag til dei underlagde etatane for gjennomføring av langtidsplanen for 2017–2020. Denne er basert på Stortingets behandling av Innstilling 62 S (2016–2017), jf. Prop. 151 S (2015–2016) “Kampkraft og bærekraft”, og er det overordna styringsdokumentet for forsvarssektoren for denne perioden.
© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt