test
Skriftstørrelse: Font str. 1 Font str. 2 Font str. 3
Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Om ffi / Karriere / Sommarjobb ved FFI
Sommarjobb ved FFI
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
02.04.2013
Linje
​Er du lysten på ei utfording i eit spennande forskingsmiljø? Ved FFI tilbyr vi attraktive sommarjobbar innanfor mange ulike fagfelt.

Arbeidsstaden er på Kjeller ved Lillestrøm eller på FFIs eining ved Karljohansvern i Horten. I 2012 hadde vi 59 studentar i sommarjobb ved FFI i 8-10 veker.

 

Kven kan søke?

Studentar på høgare utdanningsnivå kan søke. Oppgåvene er tilpassa forventa kunnskaps- og erfaringsverdi, eller litt høgare. Kjennskap til Forsvaret er ikkje naudsynt. 
 
Søknadsfristen er tidleg, allereie 1. mars, noe som mellom anna skuldast arbeidet med tryggingsklarering. Aktuelle kandidatar vil få tilsendt ein blankett for personopplysningar, som fylles ut og returneras.
 
Send søknaden elektronisk frå Ledige stillingar.  Les meir om sommarjobb ved FFI: Sommarjobb på FFI (pdf)

 

Vi har prosjekt innanfor:

  • elektrooptikk og laserfysikk
  • halvleiarfysikk
  • material- og nanoteknologi
  • distribuerte system og nettverk
  • radiokommunikasjon og telematikk
  • radar og mikrobølgjeelektronikk
  • atmosfærefysikk og romteknologi
  • teknisk kybernetikk
  • navigasjon
  • signalanalyse og bildebehandling
  • systemarkitektur
  • programvareteknikk
  • konfigurerbar elektronikk
  • numeriske strøymingsberekningar
  • anvendt matematikk
  • modellering og simulering
  • undervassteknologi
  • sonarar
  • miljø-, geo- og hydroakustikk
  • biokjemi og molekylærbiologi
  • toksikologi
  • organisk, uorganisk og analytisk kjemi
  • miljøkjemi
  • kjernefysikk og kjernekjemi
  • fysiologi
  • spill og spillutvikling (serious gaming)
  • operasjonsanalyse
  • tryggingspolitikk
  • økonomisk og strategisk analyse
  • samfunnstryggleik
  • logistikk og logistikkleiing

Viktig informasjon

  • Søknadsfrist er 1. mars
     
  • Elektronisk søknad sendes frå Ledige stillingar
     
  • CV og attesterte vitnemål frå vidaregåande skole og høgskole/universitet legges ved
     
  • Fagfelt du har spesiell interesse for må du opplyse om.
     
  • Papirkopiar av attestar/vitnemål kan du sende i posten om du ikkje har dei elektronisk. Hugs å merkje dei med ref. nr 2012/01615. Søknadspspir blir ikkje returnerte.
     
  • I slutten av mars vil du får vite om du har fått sommarjobb.
     
  • Meir informasjon? Kontakt
    FFIs HR-enhet. Tlf. 63 80 71 20/21
     

Postadresse

Forsvarets forskingsinstitutt
Personalkontoret
Postboks 25
2027 Kjeller

Skygge