Skip Navigation LinksCybermakt-og-Forsvarets-rolle

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Aktuelt / Kalender / Tidligere arrangementer / FFI-forum: Cybermakt – og Forsvarets rolle
Aktuelt
Foto: Shutterstock.
FFI-forum: Cybermakt – og Forsvarets rolle
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
13.11.2013
Linje
Årets siste FFI-forum har «cybermakt» som tema. Vi spør: Kva er mogleg i statar for maktutøving i det digitale rom, og kva er Forsvarets moglege rolle i å sikre nasjonal kritisk infrastruktur?

Cyberdomenet er blitt ein føresetnad for eit velfungerande moderne samfunn. Men domenets komplekse oppbygging gjer nasjonal cybertryggleik og hendingshandtering utfordrande.

 

Utstrekt cyberetterretning

FFI har sidan 2012 vore i gang med ein «cybermaktstudie», tilsvarande maktstudiane i domena land, sjø og luft.

 
Målet er mellom anna «å støtte Forsvaret i å fremje og trygge norske interesser i cyberdomenet». Dei første resultata av studien blir presenterte under FFI-forum 26. november.
 
Døme på cybertrugsmål er utstrekt etterretning i cyberdomenet, og eventuell bistand frå statlege etterretningstenester for at nasjonal industri skal få konkurransefortrinn framfor utanlandske konkurrentar.
 
– Teknologisk fører slik verksemd til ei destabilisering av internettet, fordi ein kvar kompromittering av IKT-utstyr per definisjon gjer IKT-utstyret meir ustabilt, seier prosjektleder Ronny Windvik ved FFI.
 
Betre blir det ikkje når, i verste fall, fleire aktørar er inne på ein og same viktige nettverksruter. Vidare skaper cyberetterretning mindre tillit mellom statar, noko som over tid truleg vil føre til at fleire verksemder flyttar mellom anna forskings- og utviklingsavdelingar "heim".
 
Alle føretak i samfunnet har over tid effektivisert seg gjennom meir bruk av teknologi. Er det då mogleg å verje seg fullt ut i cyberdomenet?
 
– Nei, verksemder må lære seg til å leve med ein viss risiko, akkurat som i de fysiske domena, fastslår Windvik.
 
Cyberkriminalitet er eit døme på dette. En cyberkriminell jobbar gjerne opportunistisk og finn tilfeldige offer for økonomisk vinning. Dette kan vere å utnytte sårbare faktorar og tryggingshol, men trendane syner at cyberkriminalitet i større og større grad freistar å lure brukarar, fordi forsering av tryggingsmekanismar blir stadig vanskelegare. Mykje tyder på at dette vil halde fram.
 
For å få bukt med en global cyberkriminalitet må ein gå til åtak på dei kriminelles økonomiske modell. Det er vanskelig å nedkjempe kriminelle og andre vinningsforbrytarar når det er gratis å sende ut millionar av e-postar, og dei uansett får att somme kredittkortnummer med pin-kodar og anna som gjer at dei kan stele pengar.
 

Forsvarets rolle

Når det gjeld handtering av cyberkriminalitet, trur Windvik dette først og fremst vil forbli ei justis-oppgåve. Men samstundes er forsvarssektoren ein sektor med omfattande kompetanse innanfor nettopp cybertryggleik og datanettverksoperasjoner.
 
– Utfordringa blir å finne ut når og korleis denne kompetansen kan kome til nytte i kriser.
 
Noko «digitalt Pearl Harbor» fryktar likevel verken Windvik eller kollegaen, FFI-forskar Sverre Diesen. 
 
– Ein fullblods cyberkrig er særs lite sannsynleg, seier Diesen, som held FFIs andre innleiing under FFI-forum.
 
– Dette både fordi offensive cyberoperasjonar er vanskelege og ressurskrevjande og difor vil ha eit avgrensa omfang, men også fordi effekten er usikker og tidsavgrensa. Difor vil neppe nokon lukkast med å tvinge ein teknologisk sett nokolunde jambyrdig motstandar til å kapitulere på grunn av cybereffekt åleine. Cybermakt vil truleg bli nytta komplementært til andre formar for militærmakt, meiner Diesen.

FFI-forum 26. november

KVAR:
Oslo Militære Samfunds lokaler, Myntgaten 3, Oslo

NÅR:
Tysdag 26. november 
kl. 13.00-15.00

PÅMELDING:
ffi-forum@ffi.no eller 63 80 72 07
 

INNLEIARAR:
Ronny Windvik, prosjektleiar, FFI
Sverre Diesen, forskar, FFI

KOMMENTATORAR:
Anders B. Werp, 
stortingsrepresentant, Høgre
Storm Jarle Landaasen, Chief Security Intelligence Officer, Telenor, Norway
Bjarte Malmedal, senior stabsoffiser, Defensive cyberoperasjoner, Cyberforsvaret

Påmelding:

FFI-forum om Cybermakt og Forsvarets rolle
Fornavn:
 
Etternavn:
 
Arbeidsgiver:
 
E-post:
 
Matallergi
(beskriv type):
Velg dag(er):
Ja, jeg vil motta invitasjoner til andre FFI-forum og FFI-seminarer
© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt