Fem forskningsavdelinger

FFI har fem forskningsavdelinger. Vår forskningsvirksomhet er i sin helhet prosjektorganisert. Dette gir fleksibilitet og evne til rask respons på forskningsoppdrag.

Organisering

Forsvarets forskningsinstitutt er eit statleg forvaltningsorgan underlagd Forsvarsdepartementet. Styret er FFIs øvste organ og har ansvar for verksemda til instituttet.

FFI er organisert i fem forskingsavdelingar og to administrative avdelinger. Her er FFIs overordna organisasjonskart.

FFI overordnet organisasjonskart_Norsk_Jan2022

Administrerande direktør

Administrerande direktør er etatsleiar og leier FFIs administrasjon og legg planar for verksemda. Han eller ho har ansvar for at planar og saker som krev det, blir lagde fram for styret. Direktøren har òg ansvar for at administrasjonen set ut i livet dei vedtaka styret har gjort.
 
Administrerande direktør utøver instituttets rådgivande funksjon overfor den politiske og militære leiinga i Forsvaret.

FFIs status og fullmakter

FFIs forvaltingsstatus inneber at:

  • FFI opprettar sjølvstendig budsjett og rekneskap. Budsjett og rekneskap skal følgje budsjettåret for statsrekneskapen. Rekneskapen blir revidert av Riksrevisjonen
  • FFIs rekneskap blir sendt til Forsvarsdepartementet
  • Inntekter blir uavkorta førde inn i verksemdas bøker
  • FFI er underlagt statstilsettelova
  • FFI har sjølvstendig ansvar for forvaltinga av eigne tilsette, og tilpassar bemanninga og organisasjonen til taktisk oppdragsmengd under dei rammevilkåra som er gitt av FD. Befal under ordre blir forvalta av Forsvaret.

Prinsipielle spørsmål som måtte oppstå i FFIs arbeid og som er av ein slik karakter at dei krev ei politisk avklaring, skal leggast fram for FD.