Instituttleiinga
FFI blir leidd av administrerande direktør. Med seg i leiargruppa har han ein assisterande direktør, fem forskingsdirektørar og to direktørar for administrative avdelingar.

Kenneth Ruud
Kenneth Ruud er administrerande direktør ved FFI. Han er dr.philos. i teoretisk kjemi frå Universitet i Oslo (UiO). Forskinga hans fokuserer på å utvikle teoriar og berekningsmetodar for å løyse lovane i kvantefysikken ved hjelp av matematikk og berekningsvitskap, for på den måten å forstå kjemi.
Ruud har arbeidd ved FFI sidan januar 2022. Han har omfattande erfaring med forsking og leiarskap og kom frå stillinga som prorektor for forsking og utvikling ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT). Ruud er medlem av Hylleraas-senteret (tidlegare nestleiar), eit senter for framifrå forsking driven av UiO og UiT.

Jan Erik Torp
Jan Erik Torp er assisterande direktør ved FFI. Han er cand.scient. i geofysikk frå Universitetet i Bergen.
Jan Erik Torp byrja ved FFI i 1987, og blei forskingssjef ved avdeling Systemanalyse i 1998 og leiar for avdeling Analyse i 2004. I 2009 blei han leiar for avdeling Maritime system, før han blei stabssjef ved FFI i 2012. I 2021 blei han leiar for den nyoppretta eininga Strategisk samarbeid. Torp har tidlegare vore Chair i NATO Science Technology Organization System Analysis and Studies Panel. Torp har vore assisterande direktør sidan 2021.

André Pettersen
André Pettersen er forskingsdirektør for avdeling Innovasjon og industriutvikling. Han er MSc i Advanced Control Systems frå UMIST i England og har ein mastergrad i teknologileiing frå NTNU og NHH med fordjuping i innovasjon ved MIT. Fagområdet hans er kybernetikk, robotikk, autonomi og innovasjon.
Pettersen har arbeidd ved FFI sidan 2000. Han har brei erfaring frå forskingsverksemda og den strategiske utviklinga av instituttet. Han har vore forskingssjef for FFIs autonomisatsing og undervassrobotikk og var avdelingsdirektør ved etableringa av avdeling Strategisk utvikling og verksemdsstyring. Han har òg vore i sekretariatet for forsvarskommisjonen.

Espen Skjelland
Espen Skjelland er forskingsdirektør ved avdeling Strategiske analysar og fellessystem. Han er cand.scient. i informatikk frå Universitetet i Oslo. Fagområda hans er analyse, inkludert operasjonsanalyse, økonomi og tryggingspolitikk.
Skjelland blei tilsett ved FFI i 1990, han blei forskingssjef ved avdeling Analyse i 2003 og leiar for avdelinga i 2009. I perioden 1995–2002 arbeidde Skjelland i Forsvarsdepartementet. Han var hovudsekretær for Forsvarspolitisk utval 2000, Forsvarspolitisk utval 2007 og Ekspertgruppa for forsvaret av Noreg (2015). Han er Chair (2020-2022) i NATO Science Technology Organization System Analysis and Studies Panel.

Janet Martha Blatny
Janet Martha Blatny er forskingsdirektør ved avdeling Totalforsvar. Ho er utdanna sivilingeniør og har ein dr.ing.-grad i bioteknologi frå NTNU. Ho har brei kompetanse innanfor nasjonalt forsvar og tryggleik, motstandsdyktigheita i samfunnet, sivilt-militært samarbeid og kognitiv krigføring. Ho har særskild kompetanse innan CBRNE-truslar (kjemiske, biologiske, radiologiske, nukleære og eksplosive stoff) og bioteknologi.
Janet Martha Blatny har arbeidd ved FFI sidan 2003 og var forskar og forskingsleiar før ho blei forskingsdirektør i 2014. Ho har tidlegare arbeidd som forskar og postdoktor ved NTNU og NMBU. Ho har koordinert og leidd fleire internasjonale forskingsprosjekt, spesielt i EDA, EU og NATO. Blatny var tidlegare Vice Chair (2019–2021) og Chair (2021–2023) i NATO Science Technology Organization Human Factors and Medicine Panel. Ho gjennomførte sjefskurset ved Forsvarets høgskole i 2009 og Senior Course ved NATO Defense College i 2024.

Trygve Sparr
Trygve Sparr er forskingsdirektør ved avdeling Sensor- og overvakingssystem. Han er dr.scient. i fysikk frå Universitetet i Tromsø. Fagområdet hans er eksperimentell fysikk og sensorar med hovudvekt på radar. Han har brei kompetanse innan sensorar, analyse, operative prosessar og IKT-system.
Trygve Sparr har arbeidd ved FFI sidan 1998 og vore forskar, forskingsleiar, assisterande avdelingssjef og forskingssjef. Sparr har tidlegare jobba fem år i privat industri. Han har hatt ansvar for norske bidrag til NATO-utvikling innanfor etterretning, overvaking og rekognosering (ISR) og har dessutan undervist ved Universitetet i Oslo. Sparr har vore leiar for avdelinga sidan 2021.

Øyvind Sjøvik
Øyvind Sjøvik er forskingsdirektør ved avdeling Forsvarssystemer. Han er siv.ing. i fysikalsk elektronikk ved Noregs tekniske høgskule (NTH) i Trondheim. Fagområdet hans er elektrooptikk med hovudvekt på infraraude og optiske sensorar. Sjøvik har befalsskule for infanteriet og har tenestegjort som befal ved avdelingar i HMK Garden og HV.
Sjøvik har arbeidd ved FFI sidan 1996 og vore forskar, forskingsleiar og assisterande forskingssjef. Han har brei erfaring innan utvikling av missilteknologi og overføring av FFIs FoU til operativ bruk gjennom tett samarbeid med forsvarssektoren og forsvarsindustrien. Han er medlem av NATO Science and Technology Organization (STO) Sensors & Electronics Panel (SET), og vore Chair for SETs Optical Technology (2016-2018). Sjøvik har vore leiar for avdelinga sidan 2023.

Tove Kristin Mørch Johansen
Tove Kristin Mørch Johansen er direktør for avdeling Drift og støtte. Ho har utdanning frå Handelshøyskolen BI.
Johansen har arbeidd ved FFI sidan 1993. Ho har jobba med overordna økonomifunksjonar (1995–2008), vore innkjøpssjef (2008–2012) og økonomisjef (2012–2018). Ho har dessutan brei erfaring med ulike typar omstillings- og effektiviseringsprosessar ved FFI, mellom anna gjennom utviklingsprogrammet FIX. Johansen har vore leiar for avdelinga sidan 2021.

Maren Kristine Moen
Maren Kristine Moen er direktør for avdeling Strategisk utvikling og verksemdsstyring. Ho er cand.mag. i statsvitskap, russisk og historie frå Universitetet i Oslo (UiO) og har mastergrad i statsvitskap frå UiO og Moskvas statlege institutt for internasjonal politikk (MGIMO).
Maren Kristine Moen har lang erfaring med administrasjon og leiing frå universitets- og høgskulesektoren og har mellom anna jobba med organisasjons- og verksemdsutvikling ved Universitetet i Oslo og OsloMet – storbyuniversitetet. Moen har vore leiar for avdelinga sidan 2022.

Thomas Eggum
Thomas Eggum er direktør for IT-avdelinga. Han er sivilingeniør i datateknikk frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).
Thomas har erfaring med teknologileiing i både offentleg og privat sektor i Noreg, med spesiell vekt på utvikling av organisasjonar som leverer tenester og med sluttbrukaren i sentrum. I perioden 2022–2024 leidde han eit transformasjonsarbeid ved FFI der IT blei organisert i tverrfaglege team for betre å støtte effektiv forsking, utvikling og innovasjon.