Skip Navigation LinksFFI-forum-Hoyreekstreme-terrorister

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Aktuelt / Kalender / Tidligere arrangementer / FFI-forum: Høgreekstreme terroristar
Aktuelt
​Foto: Wikicommons.
FFI-forum: Høgreekstreme terroristar
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
21.10.2013
Linje
Etter å ha studert 22. juli-åtaka, nynazistiske terrornettverk i Tyskland og valdelege nynazistiske rørsler i Russland, spør vi: Har terrortrusselen frå høgreekstreme grupper auka?

Det skal to FFI-forskarar freiste å svare på under FFI-forumet «Terrortrussel frå ytre høgre? Utviklinga i Vest-Europa og Russland» 12. november i Oslo.

  • FFI-forskar Johannes Due Enstad vil syne utviklinga i det høgreekstreme valdsbildet i Russland sidan 1990, og gi ei innføring i dagens aktørlandskap.
  • Doktorgradsstipendiat Jacob Ravndal vil presentere utviklinga i det høgreekstreme terrorbildet i Vest-Europa sidan 1950, og sjå nærare på kva aktørar som har stått bak dei mest omfattande terrorkampanjane. 
     

Terrorgrupper i endring

De viktigaste skilnadene på høgreekstreme terroristar frå perioden 1950-1980 og høgreekstreme terroristar frå perioden 1980-2013, er kven og kva dei kjempa for, korleis dei organiserte seg  og kva slag publikum dei ønskte å nå med dei valdelege aksjonane sine. Dei «gamle» terroristane hadde i regelen eit krystallklart politisk mål, til dømes å forhindre eit sjølvstendig Algerie, forklarer Ravndal.

 
Han syner til ein av dei terroristaksjonane som har gjort størst inntrykk på han som forskar: Kampanjen til l’Organisation de l’Armée Secrète (OAS) mot eit sjølvstendig Algerie i Frankrike og Algerie mellom 1960 og 1962, der ein stad mellom 1000 og 1500 hardbarka militante aktivistar gjennomførte hundrevis av åtak på to kontinent samstundes.
 
Til samanlikning har dei «nye» terroristane ikkje fullt så klåre politiske mål, og representerer heller ingen stor del av folket, slik som fleire av dei «gamle» terrororganisasjonane gjorde. 
 
Dei er derimot del av ei undergrunnsrørsle eller ein subkultur, og dei organiserer seg i små, uavhengige og nettverksbaserte grupper som ofte blir oppløyste, for så å gjenoppstå under eit nytt namn.  
 
– Valden og terroren dei gjennomfører kan i større grad knytast til ei søking om akting og respekt internt i miljøet og gruppa dei tilhøyrer, heller enn klåre politiske mål eller krav, klargjer Ravndal.
 
Også metodane terroristane nyttar har endra seg gjennom nyare tid. 
 
– Etter 1980 og frem til rundt 2000 var den høgreekstreme valden prega av at den i større grad var retta mot innvandrarar. Valden blei typisk gjennomført av uorganiserte ungdomsgjengar. Dei valde ut tilfeldige offer, så lenge dei høyrde til ein eller annan minoritet dei ikkje likte.  
 
– Etter år 2000 kan det sjå ut som det har blitt færre, men meir alvorlige, målretta og betre planlagde åtak gjennomført av mindre grupper, grupper som er betre organiserte enn tidlegare. 
 

Dei russiske paradoksa

FFI-forskar Johannes Due Enstad forskar på russisk høgreekstremisme; langt på veg fordi han synest at fenomenet framstår som eit historisk paradoks, som reiser ei interessant problemstilling: Korleis har det seg at akkurat Russland, eit av landa som ofra mest i kampen mot Nazi-Tyskland, var staden der ein av Europas mest omfattande og mest valdelege høgreekstreme rørsler vaks fram etter 1990? 
 
– Eit anna paradoks er at høgreekstremismen i Russland vaks seg større og meir valdeleg på 2000-talet, i takt med monaleg økonomisk vekst. Denne observasjonen rokkar ved vanlig teori om at høgreekstremismen først og fremst blir styrkt i økonomiske nedgangstider. 
 
– Desse to paradoksa gjer det russiske tilfellet spesielt interessant å studere, synest Enstad. 
 
Han vil under FFI-forum presentere utviklinga i det høgreekstreme valdsbildet i Russland sidan 1990, og syne oss somme av dagens aktørar. Det er interessant også for norske styresmakter.
 
– Russisk høgreekstremisme kan potensielt truge vårt nabolands sosiale og politiske stabilitet. Spørsmålet om kvar det politiske Russland er på veg, er noko norske styresmakter stadig må oppdatere seg på. 
 
– Å setje lys på den russiske høgreekstremismen er høgst relevant i dette perspektivet, ikkje minst ut frå den sterke etniske nasjonalismen i folket generelt. Vi har også sett at russiske høgreekstreme av og til opererer utafor Russlands grenser. I 2010 fann politiet våpen, militæruniformer og eit stolent ID-kort frå Forsvaret i eit tatoveringsstudio i Oslo, der tilhengarar av den russiske høgreekstreme organisasjonen Slavisk union heldt til. 
 
Vil du vite meir om kven dei russiske og europeiske høgreekstremistane er, og kva som driv dei, kan du melde deg på til FFI-forum 12. november. 
 
Der vil vi også køyre debatt med publikum og kommentatorane Jan Oscar Engene, terrorforskar og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, og Halvor Tjønn, historikar og journalist i Aftenposten.

FFI-forum 12. november

KVAR:
Oslo Militære Samfunds lokaler, Myntgaten 3, Oslo

NÅR:
Tysdag 12. november kl. 13.00-15.00

PÅMELDING:
ffi-forum@ffi.no eller 63 80 72 07
 

INNLEIAR:
Jacob Ravndal, doktorgradsstipendiat, FFI
Johannes Due Enstad, forsker, FFI

KOMMENTATORAR:
Jan Oscar Engene, 
terrorforsker og førsteamanuensis, Universitetet i Bergen
Halvor Tjønn, historiker og journalist, Aftenposten

Terrorismeforskning ved FFI

TERRA er FFIs forskningssatsing for å studere terrorisme og asymmetriske trusler mot norsk og internasjonal sikkerhet.
 
Det er i dag et veletablert forskningsmiljø på feltet terrorismestudier, som har forsket på internasjonal terrorisme og jihadisme siden 1999.
 
Som følge av terrorangrepene mot Oslo og Utøya utvidet TERRA sin portefølje til også å inkludere høyreekstremisme. FFI-forum vil for første gang presentere funn fra denne nysatsingen.
© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt