Skip Navigation LinksFFI-forum-Ubemannede-systemer

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Aktuelt / Kalender / Tidligere arrangementer / FFI-forum: Ubemanna system
Aktuelt
Global Hawk er et ubemanna luftfarty som skal nyttast i et Nato-basert samarbeid, Alliance Ground Surveillance (AGS. Dette arbeidet er Noreg ein del av. Foto: Northrop Grumman.
FFI-forum: Ubemanna system
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
11.10.2013
Linje
Kan ubemanna system vere med på å løyse oppgåver på nye og betre måtar også for det norske forsvaret?

Det er hovudtemaet på FFI-forumet «Ubemanna system – i Forsvarets og samfunnets teneste», som finn stad i Oslo Militære Samfund tysdag 29. oktober.

 
Ubemanna fly har lenge vore nytta militært. Dei får stadig nye bruksområde og større utbreiing. Også ubemanna køyrety, undervassfarkostar og overflatefarty blir no i aukande grad tekne i bruk i ulike rollar i militære operasjonar. 
 
– Norske styrkar i Afghanistan har brukt Raven mini-UAS. Både Hæren og spesialstyrkane rapporterer at dei har hatt stor nytte av informasjonen som Raven har skaffa dei, seier fungerande avdelingssjef ved FFI, Stein Grinaker. Han er ein av innleiarane på FFI-forumet.

 

Langt framme under vann

På undervassida har Noreg vore ein pionernasjon, men elles har det norske Forsvaret vore tilbakehaldent med å ta i bruk desse nye kapasitetane.
 
FFI meiner at også for det norske Forsvaret har ubemanna system stort potensial til å løyse oppgåver på nye og betre måtar, minske kostnader og redde liv. Gjennom eit trekantsamarbeid med Forsvaret og industrien ønskjer FFI å gjere dette potensialet verkeleg.
 
Ei nasjonal forsvarssatsing innanfor feltet vil også gi grunnlag for sivil utnytting, i form av robotsystem innan industriproduksjon, offshore, ressursforvaltning, transport, anleggsarbeid, helse- og sosialomsorg og andre tenester.
 
På dette FFI-forumet vil FFI innleie om status for militær bruk av ubemanna system nasjonalt og internasjonalt. FFI ønskjer også å vise kva som er mogleg, diskutere framtidige bruksområde og foreslå ei større nasjonal satsing på området.
 
– Spesielt på området overvaking og rekognosering over Noregs store sjø- og landområde har ubemanna system ein styrke. Reduserte kjøps- og driftskostnader samanlikna med bemanna system vil være avgjerande for at ubemanna system skal kome i breiare bruk, meiner Grinaker.

FFI-forum: 29. oktober

KVAR:
Oslo Militære Samfunds lokale, Myntgaten 3, Oslo

NÅR:
Tysdag 29. oktober kl. 13.00-15.00

PÅMELDING:
ffi-forum@ffi.no eller 63 80 72 07

INNLEIAR:
Stein Grinaker,
fungerande avdelingssjef, FFI
Nils J. Størkersen, forskingssjef, FFI

KOMMENTATORAR:
Major Gaute Indseth,
Hærstaben
Oberst Gjert Lage Dyndal, FHS/FSTS (Luftforsvaret)
Kommandørkaptein Stig Rekdal, sjef minevåpen treningssenter

© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt