Skip Navigation LinksKorleis-kan-Forsvaret-bruke-3D-printarar

Du er her: Skip Navigation Linksffi.no / no / Aktuelt / Videocaster / Korleis kan Forsvaret bruke 3D-printarar?
Aktuelt
Høyr og sjå overingeniør Guri Nonsvik, utviklingsoffiser Christian Nordberg og sjefsingeniør Jan Rune Nilssen, alle frå FFI, fortelje kva FFI har forska på av 3D-printing. Få også med deg kommentarane frå oberst Halvor Johansen, sjef for Spesialstyrkane Stab og børsemakar Didrik Sørlie frå Tronrud Engineering. Video: FFI.
Korleis kan Forsvaret bruke 3D-printarar?
Skriv ut
Tips venn
Facebook
Twitter
28.09.2016
Linje
Under FFI-forum 27. september fekk vi både høyre om og sjå korleis 3D-printing kan bli del av kvardagen i Forsvaret. Sjå forumet her.

– Vi tok med oss ein 20 fot lang konteinar til øvinga Cold Response tidlegare i år, fortalde Guri Nonsvik, overingeniør ved FFI.

 

Den inneheldt 3D-printarar og viste at dei kunne brukast i felt. Saman med Marinejegerkommandoen laga dei om lag 35 delar på 3D-printarane i konteinaren. Delane var til dømes:

  • ein komponent for å sprenge seg gjennom dørar
  • ein ring som festar eit termisk kamera til ein båt
  • ein kolbe
  • ei skinne som festas til ein vest for hund for å feste diverse utstyr i

 

Desse 3D-printa delane vart produsert for å demonstrera korleis Forsvaret kan bruke denne teknologien i øvingar eller i operasjonar ute i felt. På denne måten kan Forsvaret redusera reservedelslagera, og dei kan også lage delar som er spesialtilpassa medan dei er i felt.

 

Afghanistan er eit land der logistikk ikkje er heilt enkelt, og forsyningskjeda er lange og usikre. Derfrå har Forsvaret erfaring med plutseleg å mangle delar. Det er dyrt å bestille nye delar frå Noreg til Afghanistan, og det tar lang tid før dei kjem fram. Men det finst også nokre utfordringar med å skulle lage delar på ein 3D-printar langt heimanfrå.

 

 

I pausen under forumet kunne publikum sjå ei utstilling av 3D-printa delar (over), og dei kunne kikke inn i sjølve konteinaren som hadde vore på Cold Response-øvinga. Han stod på utstilling utanfor Oslo Militære Samfund (under). Foto: FFI

 


 

© Copyright Forsvarets Forskningsinstitutt