Meir støy i havet kan skade fisk og pattedyr

Småkval kan flykte i dagevis. Delfinar kan miste høyrselen. Den menneskeskapte støyen i havet aukar. Oljeleitinga i nord kan få store følger for dyrelivet under vassflata, fortel ein ny FFI- rapport.

Merking av nebbhval med lang stang
Merking av spermkval skjer ved hjelp av lange stenger som denne. FFI/Saana Isojunno

Ei gruppe forskarar frå FFI og Havforskingsinstituttet har no publisert ein omfattande rapport om effektar av støy i havet. FFI-rapporten tek for seg både kva ein veit i dag, og kva tiltak som krevst framover.

Forskarane legg vekt på at kraftig lyd under vatn kan påføre pattedyr direkte skade. Dei sterkaste støykjeldene er militær sonar, seismikkskyting brukt i oljeleiting og sprengingar. I verste fall kan  «lydspesialistar» som delfinar og niser miste høyrselen.

Nebbkvalen flykta

Forskar Petter H. Kvadsheim arbeider ved FFI i Horten. Han er ekspert på feltet bioakustikk. Det vil seie at han forskar på korleis dyr lagar og utnyttar lyd.

Under feltarbeid har han sett døme på korleis støy med militær sonar påverkar kvalar. Arbeidet blir gjort slik: Med ei lang stong festar feltbiologar ein sensor med sugekopp på ryggen til kvalen, når han er oppe for å puste. Sensoren registrerer alle rørsler kvalen gjer, og tek også opp lyd. Etter eit døgn lausnar den og flyt opp.

Nebbhval i vann med skip i bakgrunnen
Forskingsskipet «H.U. Sverdrup II» fotografert ved Jan Mayen i 2013. Der studerte forskarane nebbkvalens reaksjonar på sonar. Foto FFI/Erik Grønningsæter

 

– Vi fekk festa ein sensor til ein nebbkval. Dette er ein djuptdykkande delfin som lett reagerer på sterk lyd. Data frå sensoren synte at denne kvalen forlét heile leveområdet sitt. Den var framleis på flukt då sensoren lausna.

– Vi har i fleire tilfelle sett at det blir tomt for dei mest vare dyra, og at dei held seg borte over tid. Eit anna døme er at niser reagerer på sonar og seismikk sjølv om dei er fleire mil unna. Det vil seie at veldig mange individ blir påverka.

Kvalartane reagerer ulikt. Spermkval vil fort vende tilbake til vanlig åtferd når lyden forsvinn. Likevel er det ingen tvil om at støy frå menneskelege kjelder har mykje å seie.

– Nesten alle høgareståande marine organismar utnyttar lyd. Anten til å orientere seg, finne mat, unngå å bli eten eller for å kommunisere med andre. Vi veit at fleire kvalartar blir forstyrra under beiting og pass av avkom. Dei mistar kvile, blir avbrotne eller dei blir forstyrra i kommunikasjonen seg imellom, seier Kvadsheim.

Vedvarande støy påverkar

Også fisk kan ta skade dersom den er nær kraftige lydkjelder.
 
– Fisk høyrer også ekstremt godt, men på mykje lågare frekvensar enn sjøpattedyr. Fisk oppfattar infralyd, noko som til dømes gjer at dei ikkje er sensitive for sonar. Sonar gir tonar som vi menneske kan høyre godt, på same måte som sel og kval.

Forskarane er like opptekne av korleis den aukande støyen i havet gir indirekte følger.

– I havet er dei fleste menneskeskapte lydkjeldene lågfrekvente, med skipsfart som hovudkjelde. Vedvarande støy påverkar åtferd som beiting, reproduksjon og fiskens evne til å unngå å bli bytte for andre. Det kan verke inn på bestandane.

Seismikk og sonar har ulik effekt

Når ein av Forsvarets fregattar bruker sonar, er det typisk for å spore ubåtar. Seismikk skal kartlegge havbotnen. Bruken er også ulik. Forsvaret kan ha ei øving som varer i 14 dagar. Oljebransjen arbeider på mange område, oftast i månadsvis. Som regel er det seismikkskyting i norske havområde gjennom heile sommarsesongen.

– Den minst utforska støyen er den mest omfattande: seismikken. Vi må skilje mellom støyen frå seismikk og militære sonarar. Seismikk høyrest ut som skot. Kvar seismikkskyting har eit veldig breitt signal, altså med mange bølgelengder. Militær sonar leverer derimot energi i eit veldig smalt frekvensband, forklarer Petter H. Kvadsheim.

Målbare tap

Både i USA og EU har styresmaktene sett inn tiltak. Noreg ligg etter.

Likevel blir tap på grunn av oljeaktivitet no målt i kroner og øre. Då oljenæringa ekspanderte utover 1980-talet var det misnøye frå fiskerihald. Aktiviteten, ikkje minst skyting av seismikk, hadde effekt på fangstane deira. Men kor målbart var tapet for fiskarane? På dette feltet har det no vore høg temperatur mellom partane i mange år.

Fiskeridirektoratets oversyn over erstatningar «som følge av beslagleggelse av fiskefelt etter petroleumsloven» syner at det er utbetalt 18,3 millionar til fiskarar dei siste fem åra. 114 saker er blitt handsama. Nesten alle dreidde seg om seismikkskyting. Klagarane fekk medhald i 74 av sakene.  

Ei eiga klagenemnd under Fiskeridirektoratet handterer erstatningskrav. Kvadsheim har vore sakkunnig her fleire gonger, mest i samband med kvalfangst.

– Det er klart at seismikkskyting har verknad. Men ein kranglar om kor stor verknaden er. Kor langt unna seismikkfartøy er det effekt? Her er det ingen fasit. Forvaltinga må ofte ta eit val på grunnlag av den kunnskapen ein har, seier Petter H. Kvadsheim, og held fram:

– Vi har mykje kunnskap om korleis militær sonar påverkar både fisk og pattedyr. Vi veit langt mindre om kva seismikk gjer med livet i havet, sjølv om den har mykje større omfang på norsk sokkel. Det er få reguleringar av støy frå oljebransjen i dag. Miljø- og oljestyresmaktene vurderer om det er behov for ei strammare regulering. Konflikten mellom våre to største eksportnæringar, fiskeri og olje, er der fordi seismikk påverkar kor «fiskbar» fisken er.

Neste mål er nordområda

I forskarperspektiv har Kvadsheim og kollegaene eit neste mål.

– Det er å få oljenæringa med på å finansiere studiar som spesielt gjeld pattedyr. No som næringa flytter seg nordover, møter dei eit mykje meir kjensleg miljø. Barentshavet og nordområda har langt høgare biologisk mangfald og mange fleire individ enn i Nordsjøen. Området har veldig mange fleire pattedyr.

Samanheng, ja takk

– Kva vil vere det viktigaste generelle tiltaket framover?

– Det vil vere at miljøstyresmaktene får til ei samanhengande forvalting av alle typar støyforureining i havet. Det er viktig at det skjer raskt. Grunnen er at vi må forvente ein kraftig auke i støybildet i Barentshavet og Arktis i åra framover. Dette er område med artar som vi veit er sårbare for støy. Mange arktiske arter er truga. For fisk og pattedyr i nord kjem auka støy på toppen av klimaendringar og miljøgifter, seier Petter Kvadsheim.