Difor bør Kinas finansteknologiar uroe oss
Marie Nordlie og Gina Gerhardsen publiserer no ein FFI-rapport som kastar lys over noko både spennande og urovekkande: Kinas aukande makt innanfor finansielle teknologiar. Kva tryggingsrisikoar kan dei innebere – også for Noreg?
Dei to sommarstudentane ved FFI har lagt vekt på det som blir kalla finansielt statshandverk. Det er ei nemning som fortel korleis statar utnyttar finansielle instrument og teknologiar for å oppnå geopolitiske mål.
Fire sentrale teknologiar
I analysen dykkar Nordlie og Gerhardsen ned i fire sentrale teknologiar som Kina potensielt kan nytte. Ingen av dei er godt kjende i Noreg. Studentane tek for seg CIPS, Alipay, e-CNY, og kinesisk-støtta stablecoins.
Det sentrale i rapporten er at sjølv om Kinas kapasitet innanfor dette feltet enno ikkje utgjer ein direkte tryggingsrisiko for Noreg, finst det store indirekte risikoar. Dei knyter seg til Kinas bruk av finansielle midlar for å utvide den globale innverknaden sin og gjere seg mindre avhengig av USA.
Kan svekke Vesten over tid
Nordlie og Gerhardsen åtvarar om at Kinas finansteknologiske grep over tid kan svekke Vestens globale innverknad. Av den grunn bør Noreg følge nøye med på denne utviklinga.