Er MDO vegen til militært overtak?

I vekas Ugradert lærer du mykje meir om det som om få år kan bli Forsvarets viktigaste trebokstav-forkorting: MDO.

Lytt til episoden:

Saman med to FFI-forskarar tek vi for oss det bokstavane står for, nemleg Multidomeneoperasjonar.

Det lange omgrepet krev sitt av både tunge og tanke. I praksis handlar det om noko heilt avgjerande: Korleis skal Noreg utnytte si fulle militære slagkraft i framtida?

Eit saumlast og samordna system

For å kaste lys over dette komplekse feltet har programleiar Lars Aarønæs fått besøk av FFIs Helene Rødal Holhjem og Per-Idar Evensen. Saman tek dei oss med inn i ei verd der land, sjø, luft, rom og cyberrommet ikkje lenger opptrer kvar for seg. Nei, alt fungerer her som eit saumlaust og samordna system med mål om å skape overtak i kritiske situasjonar.

Tek KI over?

I denne vekas Ugradert forklarar Holhjem og Evensen korleis dette nye tankesettet vil prege alt frå den enkelte soldaten i felt til dei øvste strategiske avgjerdene i Forsvaret. Dei diskuterer dei store perspektiva som ligg i betre informasjonsdeling og nye sensorar, men går heller ikkje av vegen for dei vanskelege spørsmåla. For kva skjer når kunstig intelligens og autonome system tek over meir av informasjonsflyten? Det er ikkje berre forskarane som må drøfte korleis vi kan sikre menneskeleg kontroll og etiske omsyn i MDO-verda. I det nye operasjonsmiljøet skjer alt i eit tempo der mennesket ikkje kan handtere på langt nær alt.

Frå forsking til realitet

Høyr meir om korleis FFI brukar avansert modellering og simulering for å tette tekniske gapet i dagens verktøy. Eit mål er at Forsvaret kan vere i front når MDO går frå å vere eit forskingsfelt til ein operativ realitet i Nato.

Dette er ein samtale om teknologi, etikk og Noregs strategiske nisjar i Nato som du ikkje bør gå glipp av.