No kjem «tingas internett» til slagmarkene
Kva skjer når «tingas internett» – Internet of Things (IoT) – flyttar ut på slagmarka eller inn i ei krigs- og katastrofesone? Svaret får du i denne episoden av Ugradert.
Dei fleste av oss har etter kvart heimane våre full av dingsar som faktisk kan snakke med verda rundt seg. Det vere seg alt frå lyspærer og kjøleskap til pulsklokker som sporar kvart steg vi tek, eller oppvaskmaskina og robotstøvsugaren som har direkte kopling til nettet. I denne episoden dykkar vi ned i ein militær variant av slik teknologi, ofte kalla Military IoT (MIoT).
Bok om framtidas soldatar
FFI-forskar Frank Trethan Johnsen er medforfattar i boka Military Applications of Internet of Things. Boka er resultatet av eit fleirårig forskingssamarbeid i to dedikerte NATO-grupper. Den tek for seg korleis framtidas soldatar og redningsmannskap kan dra nytte av smarte sensorar og samankopla utstyr i felt, og ikkje minst korleis ein kan løyse dei enorme utfordringane som oppstår dersom infrastrukturen rundt oss raknar.
Sensorar i smart by
I boka ser forskarane mellom anna på korleis militære styrkar kan overta og ha nytte av sensorane i ein «smart by» som er blitt råka av til dømes jordskjelv eller krigshandlingar.
Forfattarane stiller kritiske spørsmål rundt tryggleiken: Kva skjer når alt er kopla på nett? Korleis hindrar vi hacking, eller at ein fiende saboterer systema eller fôrar oss med falsk informasjon?