Anna-Kristina kuldetesta klede i sommar

Nordic Combat Uniform er namnet på Forsvarets nye feltkledning. Den har Anna-Kristina (24) undersøkt nøye i sommar, ved hjelp av eit kammer fullt av kuldegrader.

Ti minusgrader er vel ikkje akkurat det folk meiner med sommar. Men det var i denne låge temperaturen eg testa dei nye plagga til Forsvaret. Der går den nye feltkledningen berre under forkortinga NCU. Vi hadde fleire frivillige forsøkspersonar som hadde den på seg i FFIs klimakammer. Målet var å sjå nærare på effekten av ventileringa i plagget: Korleis fungerte den i kulda?

Arbeidet gav meg betre forståing for korleis ein både planlegg og utfører forsøk. Det gav meg også innsikt i kor komplisert det er når forsøka involverer menneske. Då må du ta omsyn til mange fysiologiske og praktiske faktorar. Forsøka er ofte tidkrevjande. Dei krev tolmod frå forsøkspersonane.

I tillegg til den praktiske gjennomføringa har eg tolka data og skrive rapport. No i haust skriv eg på masteroppgåva mi i farmasi. Her ved FFI fekk eg lære mykje nytt innanfor fysiologi og termodynamikk, to fag som inngår i studiet mitt ved Universitetet i Bergen.

Alt dette har for min del gjort sommarjobben veldig lærerik. Eg har alltid interessert meg for realfag. På vidaregåande likte eg kjemi aller best. Planen var å halde fram med det, men så kom eg over farmasiutdanninga, og såg kor mykje kjemi det var i studieløpet. Eg likte at kjemien her vart sett i ein helsefagleg samanheng, og at det var ei profesjonsutdanning. No skal eg byrje på sisteåret på studiet.

Eg er særs nøgd med valet eg gjorde. No lurer eg kanskje på å gå vidare med ei doktorgrad. I og med at eg har kjent endå meir på korleis det er å ha eit eige forskingsprosjekt, trur eg nok at ein karriere innanfor forsking kan vere noko for meg.

Ein farmasøyt har spesialkompetanse på legemiddel, i tillegg til solid breiddekunnskap innanfor generell kjemi og biologi. Denne bakgrunnen gjer at farmasistudentar er allsidige, og kan passe godt inn i mange ulike fagmiljø. Difor vil eg absolutt tilrå andre farmasistudentar å søke sommarjobb hos FFI! Her får ein brukt fagkunnskapen sin i heilt andre samanhengar enn det ein er vant med. Det er med på å utvide horisonten for kva ein kan jobbe med som farmasøyt.

Eg fekk kjempegod rettleiing og oppfølging frå fagfolka ved FFI, og har blitt teke med på diskusjonar om korleis vi skal gjennomføre forsøka. Eg vart oppmoda til å komme med eigne tankar og idear, og har fått jobbe sjølvstendig med prosjektet. Det sette eg stor pris på.

I tillegg til sjølve jobben har det vore kjekt å bli kjend med dei andre sommarstudentane, og høyre kva bakgrunn dei har og kva prosjekt dei har jobba med ved FFI. Folk studerer så mykje ulikt. Det tverrfaglege miljøet var derfor eit av høgdepunkta ved å jobbe på instituttet. Dette er definitivt den mest spanande sommarjobben eg har hatt!

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?