Kor mykje skal til før det smell?

Ved hjelp av kvantemekanikk har Ylva (24) undersøkt kva som til slutt får eit stoff til å eksplodere.

portrettbilde av Ylva
Foto:FFI

Eg har brukt sommaren ved FFI til å sjå på komponentar i rakettdrivstoff. Her undersøkte eg korleis bindingsstyrken påverkar slagkjensla til eit stoff. Eller, med andre ord: Ved hjelp av kvantemekanikk kunne eg finne ut kor mykje påverknad som skal til før det smell. Eg har altså ikkje vore i fysisk kontakt med kjemikaliane. Det handlar om matematiske utrekningar innanfor kjemien, dette.

Slik har eg no også lært mykje om rakettdrivstoff, korleis slike stoff er sett saman og kva ein kan gjera for å forbetre dei. Eg har samtidig fått bruke ein matematisk metode eg ikkje har jobba så mykje med før. Dermed har eg også innsett at mange av metodane vi lærer om på universitetet ikkje alltid er heilt eigna i praksis.

Eg valde å gå denne vegen fordi eg alltid likte naturfag på skulen. Faktisk brukte eg mange timar av grunnskoleåra mine på å sjå på Youtube-videoar om biologi, kjemi og fysikk. Deretter, på vidaregåande, innsåg eg at kjemi var det einaste eg ville gå vidare med. På studiet ved NTNU blei eg introdusert til kvantekjemi. Det er ei spennande fagretning. Ved hjelp av matematikk kan vi betre forklare dei kjemiske prosessane vi gjer på lab. Også tidlegare har eg brukt ein del kvantemetodar til å gjere ulike utrekningar. No har eg fått sett dei i ein samanheng, og med eit mål om kva vi ønskjer å få ut av dei. Det mest spennande ved sommarjobben her ved FFI var nettopp å kunne bruke kunnskapane mine til å finne ut noko nytt som det ikkje har blitt forska så mykje på tidlegare! Arbeidet mitt har såleis resultert i ein FFI-rapport.

I faget mitt trur eg ei av dei store utfordringane i åra framover faktisk blir pengar. Eg trur generell mangel på forskingspengar gjer at faget kjemi ikkje akkurat er det som blir prioritert for tida. Likevel freistar det absolutt å bli forskar. Og gjerne at jobben min skal handle om rakettdrivstoff her ved FFI.

Rettleiinga og oppfølginga eg har fått ved instituttet har vore heilt fantastisk. Eg har fått nesten dagleg oppfølging, mange faglege innspel og god hjelp til å finne artiklar og bøker. I tillegg har dei eg har jobba saman med vore veldig engasjerte i prosjektet. Dei har hjelpt meg mykje når eg har lurt på noko.

Utan omsyn til kva fagfelt du er i: FFI har noko spennande du kan drive med. Alle som jobbar ved instituttet er utruleg dyktige. Det blir også lagt inn mykje energi frå deira side for å få sommarstudentar til å trivast, både fagleg og sosialt. Det er eit veldig gjennomført opplegg her. Det har eg hatt stor glede av.

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?