Korleis skyte ut ein dronesverm

Korleis kan mange dronar skytast ut i rask rekkjefølgje? Nikolai (22) har funne eit godt svar.

Dette har vore ein annleis, spennande og lærerik sommar! Ved universitetet i Durham i England studerer eg eit fag som heiter aeronautical engineering. Noko av teorien derifrå fekk eg no prøve ut i praksis ved FFI. Saman med to andre sommarstudentar har eg jobba med ei slags utskytingsrampe for dronar. Det går ut på å kunne skyte ut fleire av dei samtidig, for hurtig deployering i lufta. På prosjektet vårt har eg jobba mest med det mekaniske, som å formgi delar og mekanismar og sjølvsagt bygginga av rampa. Alt gjekk veldig bra.

Slik har eg lært masse om all teknologien som bur i ein drone, og kva rolle dronar og andre små, autonome fartøy kan få for Forsvaret og i krig generelt. I tillegg har eg fått masse erfaring med 3D-utskriving og design av diverse delar. Her er det avgjerande hjelp å finne i form av CAD-program, som SolidWorks. Det programmet kunne eg allereie litt om. Elles har ingeniørstudiet gjort at eg har opparbeidd ein viss intuisjon i korleis mekaniske system og fysikken bak verkar. Det var også eit pluss at eg har litt erfaring frå Forsvaret. Då blei det lettare å vurdere kva potensial dette arbeidet har for bruk nettopp der.

For meg starta interessa for slike ting i barndommen. Eg har alltid vore fascinert av fysikk. Eg har lurt på korleis ting i verda fungerer, heilt ned til det mest grunnleggande. Interessen min for fart og spenning i oppveksten har berre auka interessa for alt som har med fly, bilar og båtar å gjere. Ingeniørstudiet blei slik eit naturleg val, sidan eg alltid har hatt ein trong til å utvikle og byggje ting. 

Eg bestemde meg for at eg ville studere noko litt utanom det vanlege, i alle fall i norsk perspektiv. Derfor blei det aeronautikk i Durham. 

Sjå video av sommerstudent-prosjektet med utskytingsrampa for dronar

Her ved FFI har det vore artig å få innblikk i eit forskarmiljø der så mykje spennande skjer. Mange kule prosjekt har kome ut av dette instituttet. Det å få jobbe på sitt eige prosjekt var utruleg bra. Særleg sidan arbeidet vårt har moglege militære applikasjonar, samstundes som vi fekk lov å forme mesteparten av løysinga sjølv. Rettleiinga vi fekk av FFIs fagfolk var stort sett å hjelpe oss til å sjå tydelegare kva prosjektet skulle bli. Det gjorde det lettare å unngå at vi hamna i eit blindspor. Vi fekk tips og innspel relativt ofte. Det var nyttig for oss, sidan vi ikkje hadde bygd noko slik før. Det var passe mykje innblanding, utan at leiarane blei for dominerande og køyrde over ideane våre.

No held eg fram med studiet. Generelt trur eg faget mitt har ei utfordring i å utvikle meir miljøvennlege løysingar i luftfarten generelt, anten det er betre drivstoff eller elektrisk drift. Det ligg bokstaveleg talt i lufta at kommersialisering av romfartsindustrien, og etter kvart å kome seg til Mars, er noko ein bør jobbe mot. Den utviklinga vil eg gjerne vere med på.

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?