Sjå våre innspel til ny langtidsplan

Gjekk du glipp av presentasjonane i Oslo Militære Samfund sist veke? Her kan du sjå videokast frå møtet.

Et innspill til ny langtidsplan (2021–2024) 08.02.2019. Sendt live på Facebook.

Eg er overtydd om at vi står midt i eit skifte. Både geopolitisk, tryggleikspolitisk og teknologisk, sa FFI-direktør John-Mikal Størdal i si innleiing.

FFI-forskarane Espen Skjelland og Sigurd Glærum la fram fire «konseptuelle retningar» for framtidas forsvar.​ I september i fjor fekk FFI i oppdrag å «synleggjere kva slags moglegheiter regjeringa har for å utvikle Forsvaret vidare». Fredag vart rapporten presentert.

FFI-rapporten tar føre seg kva slags moglegheiter vi får om forsvarsbudsjettet blir auka til to prosent av BNP. Samstundes syner rapporten at det manglar 100 milliardar kroner for å oppfylle den gjeldande langtidsplanen.

Forskningsdirektør Espen Skjelland og forskningsleiar Sigurd Glærum la fram fire «konseptuelle retningar» for framtidas forsvar

Forskningsdirektør Espen Skjelland og forskningsleiar Sigurd Glærum la fram fire «konseptuelle retningar» for framtidas forsvar.

9. april i år inviterer vi til debattmøte i Oslo Militære Samfund. Den nye langtidsplanen for Forsvaret  skal leggast fram for Stortinget våren 2020.

Det blei opna for spørsmål frå salen etter presentasjonane.

Det blei opna for spørsmål frå salen etter presentasjonane