Heimevernet må sjekke ny teknologi grundigare

Heimevernet må bli flinkare til å bruke ny teknologi. Det inneber at det må settast av tid til å utvikle idear og teste dei ut før ein bestemmer seg for kva som skal kjøpast inn. Det fastslår ein ny rapport frå FFI.

Soldat i vinteruniform som holder en drone, en Black Hornet 3.
NY TEKNOLOGI: Innsatsstyrken Claymore assisterte Hærens kampluftvern under øvinga Nordic Response i 2024, mellom anna ved bruk av Black Hornet 3. Den vesle dronen er ein av dei teknologiane Heimevernet burde ha budd seg betre på å bruke, går det fram av ny FFI-rapport. (Foto Kristian Kapelrud, Forsvaret).

– Det er ikkje slik å forstå at Heimevernet heng ved det gamle. Til liks med resten av Forsvaret er dei svært interesserte i løysingar som gjer kvardagen enklare og meir effektiv, seier forskar Frode Berg Olsen ved FFI. 

– Det handlar meir om at det kan vere ei utfordring å sette ideane ut i livet. Rapporten vår viser at sjølv om Heimevernet ser behovet for å utvikle idear tidleg i prosjekt, så slit dei ofte med å gjere det i praksis. Dei som deltok i studien vår, fortel at det er vanskeleg å få tid til dette, basert på måten Forsvaret stort sett kjøper inn ting på. 

Tittelen på rapporten er «Konseptutvikling som driver for innovasjon – en kvalitativ studie av erfaringer og lærdommer fra Heimevernet». Forskarane bak er Johannes Hobæk, Line Thorsberg og Frode Berg Olsen. 

Testing viktig 

Forskarane meiner at det er avgjerande å teste ut nye idear og ny teknologi før ein tek dei i bruk. Dette kan til dømes gjerast ved å la soldatar prøve utstyret i øvingar. Eit prosjekt der Heimevernet testa ut eit antidronesystem blir trekt fram som eit godt døme på korleis dette kan gjerast.

Manglar tid og kunnskap 

Utgangspunktet for alle som vil lykkast med å utvikle og teste ut nye idear er at leiinga støttar det, at det er nok pengar og folk til å gjere jobben – og at det finst ein kultur i organisasjonen som verdset nyskapning. 

– Studien vår viser at Heimevernet ofte manglar ressursar, spesielt tid og rett kompetanse, for å prioritere dette viktige arbeidet, seier Johannes Hobæk. 

Forskarane har sett på korleis Heimevernet jobbar med ny teknologi i dag, og kva dei kan gjere betre. Dei har snakka med folk frå HV, Forsvarsmateriell (FMA) som kjøper inn utstyr til Forsvaret og Forsvarsstaben. Dei har i tillegg gått gjennom relevant forsking på området. 

Må dele erfaringar betre 

Rapporten peikar også på at det er viktig å dele kunnskap og erfaringar systematisk i heile Forsvaret. Mange medarbeidarar byter jobb ofte, både i Heimevernet og i FMA. Dette kan føre til at viktig kunnskap går tapt. Forskarane foreslår at ein blir betre på å dele erfaringar og at ein lagar databasar der ein kan lagre viktig informasjon. 

Lær av feil 

Rapporten fortel om døme frå tidlegare prosjekt, som innkjøp av småbåtar og dronen Black Hornet 3. Begge viser at det kan oppstå problem viss ein ikkje tenker heilskapleg når ein kjøper inn nytt utstyr. FFI meiner at Heimevernet må bli flinkare til å bruke det såkalla DOTMLPFI-rammeverket (sjå undersak) for å unngå problem, og slik få mest mogleg ut av pengane dei bruker på nytt utstyr. 

Systematisk jobbing trengst 

FFI-rapporten konkluderer med at sjølv om Heimevernet har byrja å jobbe meir strukturert med å utvikle idear for ny teknologi, er det framleis rom for forbetring. 

– Det er viktig å sette av tid og ressursar til dette arbeidet, dele kunnskap betre og tenke heilskapleg for å sikre at Heimevernet får den teknologien dei treng for å møte framtidas utfordringar, konkluderer Line Thorsberg.

Rammeverket som gir heilskap

FFI understrekar at det er viktig å tenke på alle delar av organisasjonen når ein innfører ny teknologi. Rammeverket som Forsvaret brukar heiter DOTMLPFI. Denne forkortinga står for doktrine (korleis ein skal gjere ting), organisasjon (korleis ein er sett opp), opplæring (korleis ein lærer det ein skal kunne), materiell (utstyret ein brukar), leiing og utdanning (korleis ein leiar og utdannar folk), personell (kven som gjer jobben), fasilitetar (bygningar og område ein brukar), og interoperabilitet (at ulike system kan fungere saman). Viss ein ikkje tenker på alle desse tinga samstundes, kan det oppstå problem når ein tek i bruk ny teknologi.