FFI-frukosten i Deichmansalen i Oslo 14. oktober 2025 tok for seg potensialet i 3D-printing. Kjært barn har fleire namn: Dette blir også kalla additiv produksjon, forkorta AM.
I forsvarssektoren er det ingen tvil om at det kan ha store føremoner å ha «fabrikken i lomma». Dette gjeld også fleire sivile sektorar. Her fekk publikum innsyn i eit større bilde, der det er lett å sjå at sivil og militær sektor kan ha samanfallande interesser.
Foredragshaldarane var forskingsleiar Bendik Sagsveen og sjefsingeniør Jan Rune Nilssen frå FFI. Panelsamtalen inkluderte også Silje Kværne frå Norwegian AM, Stian Gurrik i Det Norske Veritas, Øyvind Låstad i Equinor og Jonny Otterlei frå Forsvarsmateriell (FMA).
Fleksibilitet er gevinsten
André Pettersen, forskingsdirektør ved FFIs avdeling Innovasjon og industriutvikling, understreka at 3D-printing vil endre måten Forsvaret held ved like og produserer for å støtte opp under militære operasjonar. Erfaringar frå Ukraina viser at teknologien er kritisk for desentralisert produksjon, noko som reduserer logistikkbehov og kor sårbare forsyningslinene er.
– Målet er å auke den operative evna og kor uthaldande ein er i operasjonane, sa Pettersen.

Raskt løyst havari
Forskingsleiar Bendik Sagsveen illustrerte potensialet for slik teknologi med eit tenkt, men teknisk mogleg døme. Ein avgjerande, øydelagt del til ei CV90 panservogn blir produsert lokalt, via ein sivil beredskapsavtale og eit digitalt produksjonsunderlag. Delen, som normalt ville hatt tre månaders leveringstid, gjer vogna operativ igjen på under to døgn.
Frå subtraktiv til additiv
Sagsveen forklarte at additiv produksjon (AM) er fundamentalt ulikt frå tradisjonell, såkalla subtraktiv produksjon. AM bygger opp ein del lag for lag, noko som gir minimalt avfall og enorm fridom til å forme delen.
– Kompleksiteten er gratis, sa forskingsleiaren.
FFI har jobba med desse teknologiane i over 20 år. Instituttet har sidan 2018 mellom anna blitt gode på metallprinting. Eit døme på den teknologiske kapasiteten, som publikum på Deichman fekk sjå: eit ventilhus til ein Ula-klasse ubåt skriven ut i titan. Delen tolte 10 gonger kvalifiseringstrykket utan skade.
– Dette syner at AM-delar kan ha betre eigenskapar enn originalen, sa Sagsveen.

Spotify-tankegang
Den norske geografien gir lange forsyningslinjer og spreidd infrastruktur. Begge delar gjer landet sårbart. Sagsveen sa at løysinga på dette er eit digitalt varelager – ein digital database med produksjonsunderlag.
– Vi kan sjå for oss eit «Spotify for speedparts», eit distribuert produksjonsnettverk som både inkluderer sivile verksemder og militær produksjonskapasitet. Dette vil minske lagerhald og sikre at kritiske delar kan produserast lokalt i krise. Slik kan vi auke beredskapen.
Store og små døme
Sjefsingeniør Jan Rune Nilssen demonstrerte FFIs kompetanse. Han viste fram fleire konkrete prosjekt:
Ei oljepumpe til eit eldre militært køyretøy, som ikkje lenger blei produsert, blei rekonstruert og 3D-printa i verktøystål.
Komponentar til dronar blir raskt produsert, noko som reduserer både kostnad og monteringstid samanlikna med konvensjonell produksjon.
– Ein kopphaldar til ubåt og utstyr til minedykking laga i ikkje-magnetisk plast, viser at miljøa allereie brukar teknologien aktivt for å løyse daglege og operative utfordringar, sa Nilssen.

Må samordnast
Fleire Nato-land er komne langt i utviklinga av AM. Finland, Tyskland og Spania blei nemnt. FFI er no i sluttfasen med å utarbeide forslag til ein felles AM-strategi for forsvarssektoren, som skal leggast fram tidleg i november. Denne strategien skal svare ut barrierar som må løysast for å kunne skalere teknologien.
– Det handlar mellom anna om handtering av immaterielle rettar og patent, godkjenning av kritiske delar og sikker digitalisering og drift av databasane.
Equinors Øyvind Låstad fortalde at energiselskapet er kome langt i måten dei styrer dette på. Han understreka kor viktig det er å bygge ein operasjonsmodell som sit i styringssystemet.
– Dette sikrar at dei tilsette, same om dei er på ei plattform eller kor som helst der vi opererer, veit nøyaktig kven dei skal kontakte og korleis prosessen for rask design, printing og leveranse skal gå føre seg, sa han.
Nasjonal klynge
Det er ikkje heilt vanleg at ein spesifikk teknologi har sitt eige interesseorgan. Men 3D-printing har det: Silje Kværne representerte Norwegian AM.
– Vi opptrer på vegner av den nasjonale klynga for additiv produksjon i Noreg. Vi arbeider for å fremme samarbeid og kompetanseutvikling mellom industri, akademia og forskingsmiljø. Rolla vår er også sentral for å bygge bru mellom Forsvarets behov og kapasiteten i den sivile industrien, sa ho.

Må opp i skala
Forsvarsmateriells Jonny Otterlei stadfesta at AM ikkje lenger er eit tema for spesielt interesserte. Dette er i ferd med å bli del av kjerneverksemda.
– Det er semje i sektoren om at teknologien er moden. No må vi operasjonalisere og implementere på ein heilt annan skala.
Han framheva at dei ser på Equinor for å lære om operasjonsmodellen.
– Skal vi ha suksess krev det samvirke mellom Forsvaret, FMA og den sivile industrien.
Otterlei ville ikkje seie sikkert om når eit fullverdig system kan vere på plass, men understreka at det er eit definert mål at det oppstår eit slik.
Tre klåre bodskap
Bendik Sagsveen oppsummerte med å trekke fram tre bodskap:
– Det første er at teknologien er moden og klar til å bli utnytta. Det andre er at det må kome ein felles handlingsplan basert på AM-strategien for operasjonalisering. Og sist, men ikkje minst: Forsvarssektoren og industrien må samarbeide for å bygge ein infrastruktur som aukar beredskap og operativ evne for begge partar.
AMMA neste
Interessa rundt AM er stigande. Møtet blei avslutta med ei påminning: Det er berre nokre veker til AMMA (Additive Manufacturing for Military Applications) på Gardermoen går av stabelen. Det er FFIs årlege konferanse om militær bruk av 3D-printing. Her møtest ei rekke aktørar, også internasjonale, for kompetanseutveksling.
– Datoen er 12. november, og det avgrensa kor mange vi har plass til. Så til alle som har følgd oss i dag: Meld dykk på før det blir fullt, oppfordra møteleiarane på FFI-frukosten.