Det er tydeleg at desse spørsmåla opptek mange. På FFI-frukosten på Deichmanske bibliotek om mattryggleik 12. mai var det nesten full sal. I tillegg følgde folk frå heile landet ordskiftet via direktesendinga på nett.
Frukosten blei arrangert av FFI i samarbeid med Nofima. Diskusjonstemaet var det ikkje vanskeleg å forstå: Korleis er Noregs evne til å brødfø befolkninga og halde hjula i gang under ein eventuell krig?
Bakteppet var den ferske FFI-rapporten «Nasjonal forsyningssikkerhet i krise og krig». Her blir det teikna eit mørkt bilete av kor avhengig Noreg er av globale forsyningskjeder.
Ein akilleshæl
Rapporten er skriven av FFI-forskarane Gunn Alice Birkemo, Lily Hübert og Tonje Grunnan. Dei tre har sett nærare på korleis Noreg kan sikre mat og drivstoff når slike forsyningskjeder blir forstyrra. Hovudkonklusjonen er at dagens system, prega av sentralisering og «just-in-time»-logistikk som det er, har svært små beredskapsmarginar. Dette er rett og slett ein akilleshæl for Noreg.
Fire sentrale funn i rapporten underbygger poenget:
- Landet risikerer ei drivstoffkrise, ved at vi er kritisk avhengige av importert diesel og flydrivstoff, og har berre eitt raffineri, Mongstad.
- Vidare er Noreg systemisk sårbart. Det handlar om at energi og digital infrastruktur er gjensidig avhengige. Stoppar straumen eller nettet, då stoppar også vareflyten.
- Ei tredje utfordring er transportflaskehalsane: Noreg har ikkje mangfaldige transportårar, spesielt ikkje i Nord-Noreg.
- Eit fjerde tema er at sjølve matproduksjonen gjer oss sårbare: Sjølv om vi har mykje fisk, er vi avhengige av importerte innsatsvarer som fôr, gjødsel og arbeidskraft for å halde oppe produksjonen.
Forsyninga er ikkje lenger gitt
Seminaret blei opna av forskingsdirektør Janet Martha Blatny ved avdeling Totalforsvar og direktør Bente Torstensen i Nofima. Sistnemnde er eit av Europas største matforskingsinstitutt, med kunnskap innanfor både akvakultur, fiskeri og landbasert matproduksjon. Hovudkontoret ligg i Tromsø. Nofima har Nærings- og fiskeridepartementet som hovudeigar.
Begge innleiarane understreka at vi ikkje lenger kan ta mattryggleik for gitt, i ei stadig meir uroleg verd.
FFIs Gunn Alice Birkemo og Lily Hübert presenterte dei 15 prioriterte tiltaka i rapporten. Dei la særleg vekt på behovet for å etablere regionale og nasjonale beredskapslager for både mat og drivstoff. Dei peikte på at svikt i drivstofforsyninga vil få kritiske følgjer for Forsvarets operative evne.
Effekten av matmangel
Matmangel vil ikkje oppstå med det same. Men: Mangelen kjem til å utvikle seg gradvis og då krevje ei stor kosthaldsomlegging i folket.
Forskingssjef Bent Dreyer i Nofima tok for seg ein ressurs som Noreg faktisk har meir enn nok av: sjømaten. Han understreka at Noreg har enorme naturgitte fortrinn med den lange kystlinja og det produktive havet, både når det gjeld fiske og oppdrett. Samtidig åtvara han om at sjømatnæringa er sårbar. Her hadde han tre poeng:
– Det første er at oppdrettsnæringa er avhengig av importerte fôringrediensar. Det andre er at heile verdikjeda frå fangst til lagring krev drivstoff og elektrisitet. Det tredje er at vi i ei krise må vi kunne omstille oss til å ete meir av fisken sjølv framfor å eksportere ein så stor prosent av den, sa Dreyer.
Militært viktig
Oberst Ståle Rudiløkken ved Forsvarsstaben sa at mattryggleik må bli sett på som ein militær føresetnad.
– Forsvaret er avhengig av sivile leverandørar. Utan føreseieleg tilgang på mat og drivstoff blir uthaldet svekt til både eigne og allierte styrkar.
Rudiløkken etterlyste difor tydelegare prioriteringsmekanismar mellom sivile og militære behov, og mest mogleg dialog.
Askos nøkkelrolle
I den avsluttande paneldebatten deltok også Are Bakken. Han er direktør for drift i Asko-konsernet.
Dette selskapet har ei nøkkelrolle i å sikre at det er mat på norske bord, både i kvardagen og i krisetider. Selskapet er eigd av Norgesgruppen og fungerer som engrosverksemda deira. Asko leverer til Kiwi, Spar, Meny og Joker, i tillegg til å vere ein stor leverandør til både restaurantar, sjukehus og offentlege verksemder. Asko-nettverket er 13 regionale selskap, sentrallager og ein stor samlastingsterminal i Vestby sør for Oslo. Med over 700 lastebilar på vegen kvar dag er Asko ein av dei største transportørane i landet, og dermed ein kritisk komponent i det norske totalforsvaret.
– Til saman køyrer vi fire gonger rundt ekvator kvar dag, fastslo Bakken, som trekte fram kor mykje det har å seie med robuste distribusjonskjeder. Utfordringane er også store. Ein kan til dømes tenkje seg følgene av straumbortfall for kjøle- og fryselager.
Jobben må gjerast no
I ordskiftet understreka fleire at næringslivet og styresmaktene, ikkje minst Forsvaret, må samarbeide tettare med sivile partar for å sikre nasjonal forsyningsevne.
Det var nok frukostmat på Deichman denne dagen, noko publikum sette pris på. I den grad ein skal dra ein konklusjon av FFI-frukosten er det at matberedskap kostar, Samstundes vil mangelen på same beredskap koste langt meir, dersom ein krig bryt ut.
– Tiltaka som trengst må setjast ut i livet no i fredstid, for å ha effekt den dagen det verkeleg gjeld, understreka Gunn Alice Birkemo.