Sommarstudentane set fart i FFI

Visste du at du kan bruke sommaren til å forske ved FFI? I denne episoden av Ugradert møter du studentar og forskarar som saman utforskar framtidas teknologi – og du får høyre meir om korleis det er å være sommarstudent ved FFI.

Mange veit det ikkje, men det er råd å bruke sommaren som student ved Forsvarets forskingsinstitutt.

Slik blir det mindre soling og færre late dagar, men desto meir høve for studentane til å dykke ned i vitskapsverda og prøve seg som ekte forskarar. Gjennom spanande prosjekt på Kjeller og i Horten er FFI ein stad der framtidas talent møter dagens ekspertar.

I dagens episode av Ugradert får du eit godt innblikk i korleis dette artar seg. Vi inviterte to gjestar: Student Ola Vanni Flaata frå NTNU, som no er her for andre sommaren på rad, og rettleiaren hans, forskar Frank Trethan Johnsen.

Delar erfaringar

Frank har vore ein del av FFI sidan 2006 og ekspert innanfor informatikk. Han innrømmer likevel at han framleis lærer nye ting av dei unge talenta han møter. Frank og Ola deler erfaringane sine om både utfordringane med komplekse tema og gleda ved nye aha-opplevingar.

Samarbeid og innovasjon

Høyr korleis studentane fører med seg nye perspektiv frå akademia, og korleis rettleiarane får eit unikt høve til å forme framtidas forskarar. For dette handlar om meir enn berre sommarjobb – det dreier seg om samarbeid, innovasjon og korleis unge talent kan bidra til å drive forsking framover.

Les meir om kva tilbod FFI har til studentar her.

Relaterte artikler