Han har visualisert millioneffektar

Jonas (23) har brukt sommaren på å visualisere dei økonomiske effektane eit område kan få av å ha Forsvaret som nabo.

Portrett av Jonas, ein av mange som har hatt sommarjobb ved FFI.
VISUALISERING: Jonas (23) har nytta sommaren til å arbeide med ei oppgåve som skal vise dei økonmiske effektane av Forsvarets nærvær. (Foto: Lars Aarønæs)

Eg har vore så heldig å få ha min andre sommar her på FFI. Eg kjem frå Senja i Troms, og studerer til vanleg samfunnsøkonomi ved universitetet i Tromsø. No står eg på startstreken til å ta ein master i finans ved BI. For meg har studiane vore ein perfekt kombinasjon av to ting som eg elskar: matematikk og nyheiter.

Prosjekt for Forsvarsdepartementet

Denne sommaren har eg jobba med eit spennande prosjekt. Oppgåva mi har vore å handsame og visualisere data til ein rapport som forsvarsdepartementet er i gang med. Den handlar om dei økonomiske effektane av Forsvarets nærvær. Slike effektar kan målast i mange millionar. Det er skikkeleg gøy å kunne bruke det eg har lært på studiet til noko som faktisk blir brukt i praksis, og som er så viktig.

Analytisk tankegang gjev meirsmak

Det mest spennande med opphaldet har vore å møte så mange kloke hovud – det gjeld både medstudentane og rettleiarane. Den viktigaste rettleiaren min kjente eg allereie frå studiet i Tromsø, og det gjorde meg tryggare. Eg har fått jobbe veldig sjølvstendig, men med god hjelp når eg har trengt det.

Det er den analytiske tankegangen som gir meg meirsmak på forsking. Ved FFI kjente eg verkeleg at eg fekk brukt kunnskapane mine på ein ny måte.

Relevante arbeidsoppgåver

Desse månadene ved FFI har vore både utfordrande, artige og utruleg lærerike. Studentar som vurderer å søke seg hit kan notere dette: Du får utfordre deg sjølv, du får ei kjensle av meistring og ikkje minst: Det du jobbar med er relevant, og gjer ein skilnad.

Draumen min er å kunne få jobbe med investeringar og finans. Sommarjobben ved FFI har definitivt inspirert meg til å halde fram med å studere dei analytiske sidene av desse felta.

Sommerjobb ved FFI

Hvem kan søke sommerjobb, hvor vil du jobbe og hva med sikkerhetsklarering?

Du kan søke sommerjobb hos oss hvis du studerer ved et universitet eller en høgskole. Du må være norsk statsborger, og vi krever sikkerhetsklarering.

Arbeidsstedet er på Kjeller ved Lillestrøm eller på Karljohansvern i Horten. Vi har et begrenset antall hybler til leie på Kjeller og prioriterer tildelingen til dem som ikke bor i pendleravstand til instituttet.

For studenter i sommerjobb benytter vi nivå Konfidensielt. Aktuelle kandidater vil få tilsendt blankett for personopplysninger, som fylles ut og returneres.
Du kan lese mer om sikkerhetsklarering her.

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?