Crowds2D - a new, robust crowd dynamics simulation model

FFI-Rapport 2016

Om publikasjonen

Rapportnummer

2015/01750

ISBN

978-82-464-2639-6

Format

PDF-dokument

Størrelse

2.5 MB

Språk

Engelsk

Last ned publikasjonen
Steinar Børve

Forsvaret har dei siste åra lagt vekt på å kjøpe inn Mindre-dødelege våpen (MDV) for å kunne handtere visse situasjonar. FFI-prosjekt 1255 har hatt som formål å hjelpe Forsvaret med å velge riktige verkemiddel under ulike taktiske situasjonar og i ein marknad som er i rask utvikling. Ein klasse av situasjonar der MDV kan vere eit aktuelt verkemiddel involverer større menneskemengder. Å kunne velge riktig verkemiddel i ein slik situasjon krev at ein har innsikt i korleis menneskemengder kan opptre.

Kunnskap om dynamikken til menneskemengder er av interesse ikkje berre for Forsvaret, men kan óg komme til nytte innanfor sivile bruksområde som t.d. studiar av fotgjengartrafikk, planlegging av sikringstiltak rundt arrangement som involverar store menneskemengder og planlegging av politiaksjonar ved politiske demonstrasjonar og opptøyar. Det siste scenarioet er òg relevant for Forsvaret i utanlandsoperasjonar der fredsbevaring og arbeidsoppgåver knytta til lov-og-orden er ein viktig del av oppdraget. I situasjonar der ein som ordensmakt skal konfrontere ei menneskemengd som inneheld fiendtleg innstilte eller til og med valdelege enkeltindivid, må ein vurdere kor vidt ein skal ta i bruk MDV for å halde kontroll på menneskemengda.

Det viktige spørsmålet er i så fall i kva grad ein kan påverke dynamikken til menneskemengda, med eller utan bruk av MDV. Denne rapporten skildrar ein ny, robust simuleringsmodell for studiar av dynamikken til ei menneskemengd. Han er av teknisk karakter og dokumenterar viktige fyrste steg på vegen mot eit potensielt nyttig verktøy i analysen av MDV-relevante operasjonar. Modellen er ikkje berre i stand til å simulera normal fotgjengartrafikk, men òg scenaria knytt til evakuering eller opptøyer som kan involvere springande personar.

Modellen bygger på ei rad modelparametrar. Standardverdiar for desse parametrane har blitt bestemt på bakgrunn av grunnleggande eigenskapar ved menneskekroppen, semianalytiske modellar av fundamental dynamikk i menneskemengder og foreinkla simuleringar av menneskemengder. Den nye modellen skildrar ikkje berre rørsla i ei menneskemengde på ein god måte. Han gjev i tillegg informasjon om storleiken på kreftene som verkar i menneskemengda. Dette er informasjon som kan vere nyttig i vurderinga av risikoen for personskader og dødsfall grunna uheldig dynamikk i menneskemengder.

Nylig publisert