Forsvaret får ti råd om ny teknologi

Forsvaret må alltid stå parat til å ta i bruk ny og betre teknologi. Men kva er den beste måten å gjere det på? Ein fersk FFI-rapport gir ti råd om korleis.

Deichmansalen, Bjørvika
25. oktober fra 08.30 til 11.15

Første foredrag starter ca 15 minutter ut i opptaket.

FFI-forskarar inviterte 25. oktober til frukost på Deichmanske bibliotek i Oslo, for å presentere den nye rapporten «Hvordan kan Forsvaret raskere nyttiggjøre seg ny teknologi?».

Bakgrunnen er at Forsvaret no møter større utfordringar enn på lenge. Det skal moderniserast og bli meir effektivt, samstundes som nye typar trugsmål gjer all planlegging meir usikker.

Målet flyttar seg

FFIs direktør Kenneth Ruud innleidde med å fastslå at ei lita gruppe ved FFI gjennom denne rapporten hadde samla mykje kunnskap om eit stort felt.

– Den peikar på korleis vi jobbar og kva vi er gode på. Samstundes siktar vi mot  eit mål som stadig flyttar seg, sa han.

– Teknologisk innovasjon er ein del av løysinga, meiner Hanne Bjørk. Ho er FFIs forskingsdirektør for innovasjon og industriutvikling, og ei av dei som denne tysdagen presenterte den store rapporten. Interessa var stor: Arrangementet var fullteikna. Fleire hundre følgde også presentasjonen via nettet.

 

Smågutar mot tech

Forskarane legg ikkje skjul på at dette er eit ekstremt mangesidig område. Det handlar om korleis verda utviklar seg, både teknologisk og politisk. Vi møter nye krigar, klima- og energikriser, pandemiar og migrasjonsstraumar. Like eins handlar det om korleis Forsvaret er innretta, og kor godt det er i stand til å gjere seg nytte av framveksande og modne teknologiar, ofte utvikla i sivil sektor. Ein av dei inviterte til paneldebatten etter presentasjonen, direktør Torbjørn Svensgård i Forsvars- og sikkerhetsindustriens foreining, peikte her på at hans eigen bransje er smågutar mot dei fem største tech-selskapa i verda.

– Kvart døgn brukar desse selskapa milliardar av kroner på forsking og utvikling, sa han.

Dei ti råda

I rapporten har forskarane sett opp ti råd for korleis Forsvaret kan møte utfordringane dei står overfor. Råda er delte inn i tre temaområde. Dei kan lesast i fulltekst i det utvida samandraget og sjølve rapporten.

Råda lyder i kortform slik:

  1. Norsk forsking og utvikling må bli tydelegere prioritert og samordna.
  2. Langtidsplanen for Forsvaret må bli meir fleksibel.
  3. Forsvarets investeringar må samlast i porteføljar.
  4. Vi må eksperimentere meir, for å finne nye idear og konsept som kan løyse Forsvarets oppgåver.
  5. Investering i ulike typar materiell bør skje meir differensiert.
  6. Meir eksperimentering for å tilpasse sivil teknologi til Forsvarets bruk.
  7. Styrke kompetanse gjennom tidleg samarbeid med industrien.
  8. Tydelegare rollar og ansvar i investeringsprosessane, for å styrke samarbeid og handlingsrom.
  9. Sikre nok kompetanse og kapasitet til å utføre oppdrag.
  10. Styrke endrings- og omstillingsevna.

Eit av rapportens uttalte tankar er at Forsvaret treng raskare realisering av nye konsept, og teknologiadopsjon – altså å vere i stand til å gjere god bruk av det ein kan få tilgang på frå sivil sektor.

Med FFI-forskaranes eigne ord: Korleis gå frå nytt og nyttig til nyttiggjort? Korleis kan teknologisk adopsjon av teknologi skje? Forskingsleiar Christian Brunsvig synte fram ei døme. Han tok publikum med seg på ei reise som viser veg for teknologisk innovasjon. Utgangspunktet hans var vern av flyplassar mot framtidige trugsmål. Denne «draumereisa» er skildra i detalj i sjølve rapporten.

ffi_innovasjon_2022_10_25_IMG_0034.jpg
I panelet deltok (frå venstre) ICE worx-sjef Stein Gundersrud, Per Anders Bakke, sjef for forsvarsstabens investeringsavdeling, seksjonssjef Jan Fredrik Geiner i Forsvarsdepartementets seksjon for innovasjon og optimalisering og direktør Torbjørn Svensgård i Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening. Foto: FFI

Seniorrådgjevar Line Thorsberg peikte på fleire av dagens hinder.

– Operative styrkar har mange andre prioriterte oppgåver. Det kan vere manglande samordning av ulike aktørar, og manglande kopling til faktisk å skaffe utstyret. Og ein kan vere redd for ekskludere verksemder frå prosessen.

Det siste handlar om ei utfordring for Forsvaret som ikkje er av teknologisk art: Den dreier seg om prosessen rundt investeringane.

Kva er dei rette grepa?

Rapporten peikar på at ambisjonane rører ved politikkområde som langtidsplanlegging, og forsvarsindustripolitikk. Heile forskings-, utviklings- og innovasjonspolitikken er med i bildet.

ffi_innovasjon_2022_10_25_IMG_0022.jpg
Seksjonssjef Jan Fredrik Geiner i Forsvarsdepartementet. Foto: FFI

Seksjonssjef Jan Fredrik Geiner i Forsvarsdepartementets seksjon for innovasjon og optimalisering var glad for rapporten.

– I Forsvaret er det ofte snakk om «avfarande plass». Der opplever vi at vi står no. Gjennom denne rapporten veit vi meir. Den har mange forslag, og skal treffe breitt. Vi snakkar om felt med mange aktørar og mange eigeninteresser. Vi skal sjå på dei råda vi får her. Men det er ikkje sikkert vi er samde i alt.

Per Anders Bakke er sjef for forsvarsstabens investeringsavdeling.

– Rapporten er nyttig. Vi må samle oss, og vi må konsentrere ressursane, sa han.

Frå maraton til 400 meter

Torbjørn Svensgård i Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening merkte seg at rapporten også tek opp dei små og mellomstore verksemdenes rolle på innovasjonsfeltet.

– Arbeid med forsvarsteknologi tek tid, og det er ikkje saumlaust. Vi snakkar om ein liten marknad, den er byråkratisk og det er vanskeleg å spå resultatet. Eg etterlyser ein type «brufinansiering». Det er viktig for industrien å kome tidleg i dialog, og at det er tillit mellom partane. Små verksemder har ikkje råd til lange løp åleine, dei må ha cash flow. Vi må bort frå maraton og over til 400-meter’n. Forsvaret må difor flytte merksemda si frå risiko til resultat når det gjeld innovasjon, sa Svensgård.