Sjå videokast frå FFI-forum om Nord-Koreas atomvåpenprogram

Ein skulle tru det var superhemmeleg. Men FFI-forskar Halvor Kippe veit ein god del om Kim Jong-uns våpenprogram sjølv om han ikkje er spion.

​Nord-Koreas leder Kim Jung Un viser gjerne fram at landet har et kjernevåpenprogram

Nord-Korea forsøker å svekke den amerikanske motivasjonen til å komme sine allierte til unnsetning gjennom å true det amerikanske fastlandet med dei kraftigaste våpena sine, meiner Halvor Kippe. Video: FFI.

Tysdag 26. februar arrangerte vi forumet «Kan og vil Nord-Korea bruke kjernevåpen?» i Oslo Militære Samfund.

Med seg på scena hadde FFI-forskar Halvor Kippe spesialrepresentant for nedrusting Jørn Osmundsen frå Utanriksdepartementet og Henrik Stålhane Hiim, seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).

Kippe bruker åpne kjelder i arbeidet sitt. Han gav nyleg ut rapporten  «Nuclear weapons capabilities and doctrines in North-Korea».

– Nord-Korea vil avskrekke USA ved å vise at dei er villige til å ta i bruk kjernevåpen svært tidleg i ein konflikt, meiner Kippe.

Under FFI-forumet diskuterte han blant anna om Nord-Korea kan lykkast med å gjennomføre eit slikt angrep, og om våpena dei har, vil gjere jobben utan fleire testar.

Jørn Osmundsen er spesialrepresentant for nedrusting i Utanriksdepartementet.

Jørn Osmundsen er spesialrepresentant for nedrusting i Utanriksdepartementet.

Henrik Stålhane Hiim er seniorforskar ved NUPI og jobbar både med asiatisk tryggingspolitikk og kjernevåpenspørsmål.