FFI får nøkkelrolle i det nye dronekappløpet

Desemberregnet var heldigvis fråverande då forsvarsminister Tore O. Sandvik måndag markerte startskotet for den norske dronestrategien. Bodskapen hans var at Noreg ikkje diltar etter, men faktisk er i front i delar av utviklinga. FFI blir ein viktig part i tida framover. 

Banshee-drone på katapultrampen.
Gammalt og nytt: Dei britiske Banshee-dronane hadde katapultutskyting, jetmotor og måtte lande i fallskjerm etter oppdraget. Moderne dronar, som den i lufta, klarar seg godt utan nokon av delane.

Saman med statssekretær Marte Gerhardsen, svært mange pressefolk og ei rekke forsvarstoppar fekk Sandvik studert somme av Forsvarets dronar på nært hald. Det skjedde utanfor Fanehallen på Akershus festning i Oslo. Ulike droneekspertar sto klare til å informere, på denne første dagen i julemånaden.

Et utvalg droner på et bord på brosteinen foran Fanehallen. Flere folk står rundt.
Full fart på drone-demoen: Tore O. Sandvik og statssekretær Marte Gerhardsen får informasjon medan pressefolka knipsar i veg.

Dei frammøtte fekk sjå eit lite utsnitt av ei enorm utvikling. Alt frå dei svære katapultdronane kalla Banshee, som britane utvikla på 1980-talet, til nanodronar og samkøyrande system som både gir oversyn og slagkraft. Også undervassdronar var utstilte. Mykje av autonomi-teknologien som ligg bak kan jo nyttast overalt, både i sjø, på landjorda og i lufta.

Dronestrategien som Sandvik la fram legg vekt på totalforsvar, sivil-militært samarbeid og ei erkjenning av at krigen i Ukraina har endra spelereglane for alltid.

– Vi må bli mindre sårbare. Det vil seie at vi må kunne verne oss mot alt frå enkle hobbydronar til avanserte militære svermar, sa forsvarsministeren.

Noreg er frampå

Den kanskje viktigaste meldinga for dagen kom frå fagmiljøa sjølve. Det har festa seg eit inntrykk i media av at Noreg har sove i timen, medan resten av verda har rusta opp på dette feltet.

– Det er ei sanning med store modifikasjonar, seier Øyvind Sjøvik.

Han er forskingsdirektør ved avdeling Forsvarssystemer ved FFI, og ein av dei som har halde i trådane for mykje av den nye teknologien som blei vist. Vi møtte han medan summinga frå ein overvakingsdrone fylte lufta over festningsplassen på Akershus.

– Målt i volum av dronar er vi små, men teknologisk er vi heilt i front på somme nisjeområde. Spesielt er vi komne langt innafor autonomi, altså evna dronane har til å tenke og handle sjølve utan kontinuerleg styring. Det same gjeld samvirke mellom bemanna og ubemanna system. FFI har forska på dette i årevis. Vi ser no at løysingar vi har utvikla saman med norsk industri for dronesvermar og undervassteknologi vekker internasjonal oppsikt. Vi halsar ikkje etter; på desse felta definerer vi utviklinga, fastslår Sjøvik.

Fire personer oppstilt foran Fanehallen på Akershus festning.
FFIs Øyvind Sjøvik (til venstre) saman med forsvarsminister Tore O. Sandvik, statssekretær Marte Gerhardsen og sjef Christian Fredrik Eggesbø i Six Robotics.

Trekantmodellen viktig

Strategien som blei lagt fram på Akershus festning måndag peikar spesifikt på FFI som ein katalysator for vidare innovasjon. Regjeringa vil ha meir av den såkalla trekantmodellen. Det er samleomgrepet for det tette samarbeidet mellom Forsvaret, Forsvarsmateriell, departementet, FFI og industrien.

– Kva utfordringar representerer dronane?

–  Det tvingar seg no fram eit mykje høgare tempo på grunn av dei. Vi kan ikkje forske i fleire år før vi får resultata inn i eit produkt. Gjennom innovasjonssenteret vårt, ICE WORX, jobbar vi allereie etter prinsippet om hurtig eksperimentering. Her skaper vi effektive løysingar basert på gode idear frå sivile aktørar, på innsikt i Forsvarets behov og gjennom den tunge kompetansen vi har frå det langsiktige arbeidet i forskingsmiljøa ved FFI. Strategien legg vekt på at vi skal bruke sivile hyllevare-løysingar der vi kan, og militarisere dei med vår eigen teknologi. Det vil seie at FFI i større grad blir ein arkitekt som koplar saman norsk gründerånd med militære behov og spesiell teknologi, seier forskingsdirektøren.

Den største bøygen

Sjølv om stemninga på festninga denne dagen var tekno-optimistisk, legg Sjøvik ikkje skjul på at det finst mørke skyar over den svirrande dronen utanfor fanehallen. Sjølve teknologien har ei kurve som bokstaveleg talt går rett til vers, medan alt som handlar om å skaffe seg slikt materiell og etablere infrastrukturen rundt går sakte.

– Kva blir den største utfordringa for FFI og Noreg i åra som kjem?

Den teknologiske utviklingstakta er høg. Svært mange aktører kjem med gode idear til Forsvaret. I dette landskapet er det viktig at forsvarssektoren klarer å bli ein god tingar, i form av tydelege behov og teknologiske krav. Spesielt gjeld dette ytinga som systema må ha i moderne stridssituasjonar. Gjennom dette kan vi sikre at dei samla ressursane trekker i rett retning, og at industrien tek fram gode produkt som Forsvaret faktisk treng. I tillegg må vi alle sørge for ryddige prosessar, slik at vala vi tek saman med industrien i utviklingsfasen ikkje er til hinder når materiellet skal skaffast.

Autonomi for fleire domene

Sjøvik fortel at FFI ikkje arbeider så mykje med skroga til dronene.

– Vi legg meir vekt på utvalde teknologiar for auka autonomi, som så kan nyttast i alle domene. Målet med dette er å få meir standardisering og minske talet på teknologivariantar i Forsvaret. Det vil vere med på å gi ei tydeleg forventingsavklaring overfor industrien. Slik får vi enklare samhandling med allierte, og vonaleg får vi raskare prosessar rundt både utviklinga og det å skaffe produkta.

Kampen om hovuda

FFI har to overordna oppgåver på dette området. På den eine sida skal instituttet vere ein uavhengig rådgjevar som kvalitetssikrar regjeringas og Forsvarets val. Samstundes skal FFI vere ein innovasjonsmotor som dyttar grenser saman med kommersielle aktørar.

Øyvind Sjøvik understrekar at rekruttering blir ein nøkkel. Regjeringa har signalisert at dei vil auke talet på klarerte forskarar, noko som er heilt naudsynt. Han peikar på at kampen om teknologihovuda er hard. FFI må konkurrere med eit sivilt næringsliv som kan tilby særs gode vilkår.

– Eit godt argument for oss er at mange av dei tilsette her ved FFI synest det er veldig gjevande å kunne jobbe fagleg, og samstundes yte noko djupt inne i dei operative problemstillingane til Forsvaret, seier han.

Behov for nasjonale testfelt

Forskingsdirektøren legg vekt på behovet for fysisk infrastruktur. Strategien nemner eit nasjonalt test- og kompetansenettverk. Sjøvik påpeikar at FFI nyleg blei godkjend som testorganisasjon for eigne militære dronar.

– Her har Norsk militær luftdyktighetsmyndighet (NML) under Forsvarsmateriell og Luftforsvarets våpenskole lagt høva til rette for at FFI kan teste ny teknologi mykje raskare enn før, seier Sjøvik.

Tøffe naturkrav

Vind, ising og krevjande norsk topografi krev at dronane som skal brukast i Noreg er langt meir robuste enn dei som er i bruk i til dømes Midtausten. I tillegg kjem trusselen frå elektronisk krigføring. Sjøvik nemner at FFI jobbar intenst med mottiltak på feltet, i form av alt frå jamming til laservåpen.

– Vi skal sikre at Forsvaret kan bruke dronar, men vi må også sjå nøye på korleis ein kan verne seg mot dei dronane som motparten har. Dette krev god innsikt på begge områda.

Eit startskot

For Øyvind Sjøvik og medarbeidarane i FFI er den norske dronestrategien startskotet for jobben med å skape endå meir kapasitet og innovasjon. Vegen frå eksperimentelle forsøk til operativ bruk skal bli kortare.

– FFI har jobba med dronar i årevis. Vi set pris på at dronestrategien gjer at dette arbeidet no blir endå høgare prioritert, avsluttar han.

Sjå fleire bilete frå framlegginga av dronestrategien: