Gløym skya: No skal datakrafta ut i skogen
Krigføring handlar no like mykje om datahandtering som om tanks og fly. I Ugradert dykkar vi ned i det som blir kalla «kampnær IKT». Det høyrest kanskje komplisert ut, men det handlar eigentleg om noko ganske enkelt: At soldaten skal ha tilgang på dei smartaste verktøya, sjølv når dei er midt i skogen utan mobildekning.
Forskarane Anette Flynn Opland og Frank Trethan Johnsen frå FFI forklarer korleis Forsvaret kan flytte datakraft heilt ut til frontlinja. Anette er ekspert på kunstig intelligens, medan Franks spesialfelt er tenesteorientering.
Kva er eigentleg «kanten»?
Vi er vande til at alt vi gjer på mobilen blir lagra i skya, altså i store datasenter langt unna. Men i krig kan du ikkje stole på at skyer og nett fungerer som dei skal. Derfor snakkar forskarane om Edge Computing – kantprosessering på norsk.
Det betyr at sjølve datamaskina som handterer informasjonen er rett i nærleiken av soldaten, til dømes i ein drone, eit køyretøy eller i sekken. Då går alt lynraskt, og ein er ikkje avhengig av ein lang kabel eller trådlaust nett tilbake til sivilisasjonen.
Ein digital dirigent
Når ting trugar med å bli kaotiske, til dømes når mange system er i bruk samstundes, bruker FFI-forskarane omgrepet orkestrering. Tenk deg ein digital dirigent. Akkurat som eit menneske med taktstokk bestemmer denne digitale varianten også kva instrument som skal spele høgast. Med andre ord: Teknologien gjer det råd å bestemme kva appar som er viktigast akkurat no.
Dersom sambandet er dårleg, sørger dirigenten for at dei livsviktige systema, som kart og trusselvarsling, får all plassen medan mindre viktige ting må vente. Dette blir kalla elastisk ressursutnytting: Systemet krympar og veks etter kva soldaten treng der og då.
Kunstig intelligens ser meir enn soldaten
Anette Flynn Opland forklarer i podkasten korleis kunstig intelligens (KI) fungerer som ei ekstra støtte for soldaten. Ved å analysere bilete og data i sanntid, kan KI-en oppdage farar mykje raskare enn eit menneske klarer åleine. Den tek ikkje avgjerdene sjølv, men prikkar soldaten på skuldra og seier: «Sjå her, her er det noko du bør følge med på!».
Eit mål er også å sjå meir på løysingar som gjer at ein norsk soldat skal snakke lettare med både robotar og allierte frå andre Nato-land.
Programmert forsvar
Før handla Forsvarets IKT-løysingar mykje om å kjøpe nye, tunge «boksar» og maskinvare. I framtida handlar det meir om programvare.
– Vi må kunne oppdatere appane og systema til soldatane medan dei er ute på oppdrag, akkurat som du i dag oppdaterer appane på telefonen din, seier dei to FFI-forskarane.