Hugin avslører Mjøsa

De to siste vekene har FFI og NTNU vore på tokt i Mjøsa. Forskarane frå dei to institutta har kartlagt botntilhøva heilt ned til over 400 meters djup, og leitinga har gitt resultat.

Hugin sjøsettes i Mjøsa
Den autonome ubåten Hugin har vore på sitt første tokt i Noregs største innsjø, Mjøsa. Foto: FFI

Ei svær, udetonert bombe som står som ei pil ned i mudderet, meir enn 400 meter under Mjøsas overflate. På same djupne ligg ein ti meter lang trebåt. Vraket har kanskje vore her sidan middelalderen, men er ikkje gått i oppløysing.

hugin_trebåt_3.JPG
Hugin fann ein ti meter lang trebåt på 400 meters djup. Foto: FFI/NTNU

Dette er berre to av funna som er gjort ved hjelp av FFIs Hugin. Den autonome ubåten har no vore på sitt første tokt i Noregs største innsjø. I dag avsluttar forskarar frå FFI og NTNU si to veker lange undersøking av botnen.

Områda som er granska på kryss og tvers ligg langs Mjøsas vestside. Frå Gjøvik og sørover forbi Skreia er det fleire kjente dumpeområde. Her ligg både krigsmateriell og avfall frå Raufoss Ammunisjonsfabrikk. Heile Totenvika har vore avfallsplass. Det same gjeld område rundt sørspissen av Helgøya. 

Tonntunge bomber

– Det vi er sikre på, er at mykje dumping også er skjedd utanfor dei områda som var tiltenkt formålet, seier forskar Petter Lågstad ved FFI.

Det er funne ei stor mengd tunge bomber, vekta på kvar av dei er på over eit tonn. Korleis kom dei hit? I tida framover skal ei mengd data saumfarast. Hugin kan i prinsippet identifisere ein brusboks på fleire hundre meters avstand. Her er det mange detaljar som for første gong kan fingranskast.

Haleroret på ein bombe.
Haleroret på ei udetonert bombe som står i mudderet, meir enn 400 meter under Mjøsas overflate. Foto: NTNU

Mangfaldig oppdrag

FFIs oppdrag frå Forsvarsdepartementet er konsentrert om kartlegging av eksplosivar og ammunisjonsavfall, og å vurdere kva miljøfarar dei eventuelt utgjer. Instituttet har lang røynsle med undersøkingar av tilsvarande materiale langs norskekysten. Samstundes er dette arbeidet ein sentral brikke i Oppdrag Mjøsa. Det er namnet på NTNUs initiativ for å få meir kunnskap om innsjøen, og medverke til bærekraftig bruk og forvalting.