Korleis kan Forsvaret bli betre på multidomeneoperasjonar?

Forsvaret skal omstillast frå å drive fellesoperasjonar til multidomeneoperasjonar (MDO). Men kva betyr det i praksis, og kva utfordringar må løysast for at Forsvaret skal lykkast?

Bilde av to soldater i vinterkamuflasje med ryggen til kamera. Den ene har stor sekk med antenne og kommunikasjonsutstyr. Over dem flyr et F-35 kampfly. Vinter, snø og Nord-Norsk fjellandskap i bakggrunnen.
F-35 gjennomfører ei låg overflyging, også kjent som eit «lowpass» eller «show of force» over ein Joint Terminal Attack Controller (JTAC) og ein artillerijeger. Foto: Johannes Bærhaugen / Forsvaret

Ifølgje langtidsplanen for Forsvaret skal Forsvaret utvikle evna til multidomeneoperasjonar i takt med NATO og sentrale allierte. Målet er å møte eit meir komplekst trusselbilete og samtidig utnytte ny teknologi på ein betre måte.

Ein ny FFI-rapport tek for seg kva dette eigentleg inneber.

– Overgangen betyr ikkje at Noreg skal byggje eit heilt nytt forsvar. MDO handlar i stor grad om å få eksisterande kapasitetar til å fungere betre saman, understrekar sjefsforskar Stein Malerud. Han har skrive rapporten saman med kollegaene Bodil Farsund og Siv Nergaard.

Kva er multidomeneoperasjonar (MDO)?

Multidomeneoperasjonar (MDO) er ein måte å planleggje og gjennomføre militære operasjonar på der ein samordnar verkemiddel på tvers av alle domene – land, sjø, luft, rom og cyber – og i tillegg samarbeider tett med sivile aktørar for å oppnå ønskte effektar raskare og meir effektivt.

Det som skil MDO frå tradisjonelle fellesoperasjonar, er mellom anna:

  • større vekt på rom- og cyberdomenet
  • betre utnytting av data og digitale system
  • raskare avgjerdsprosessar
  • tettare samarbeid med sivile aktørar
  • evna til å kombinere effektar frå fleire domene samtidig

Til dømes kan ein operasjon kombinere

  • satellittar som oppdagar eit mål
  • informasjonsoperasjonar som rettar merksemda mot eit anna område eller objekt i krigsområdet
  • eit missil eller eit fly som gjennomfører angrepet
  • cyberkapasitetar som forstyrrar kommunikasjonen til motstandaren under angrepet

Meir enn operasjonar i fleire domene

Multidomeneoperasjonar vil seie å samordne militære aktivitetar på tvers av lands-, sjø-, luft-, rom- og cyberdomenet. Det skal gjere Forsvaret i betre stand til å oppnå rett effekt, til rett tid i heile konflikspekteret.

Sidan mykje teknologiutvikling skjer i det sivile og Forsvaret er avhengig av sivil infrastruktur, må militære verkemiddel òg synkroniserast med sivile aktørar og andre delar av totalforsvaret for å oppnå størst mogleg effekt.

– MDO er ikkje berre operasjonar som går føre seg i fleire domene samtidig. Det handlar om å integrere kapasitetar og ressursar på tvers av domene og organisasjonar på ein meir heilskapleg måte enn i dagens fellesoperasjonar, seier Malerud.

Data blir ein strategisk ressurs

Rapporten peikar på éin faktor som særleg viktig for å lykkast med multidomeneoperasjonar: ei datasentrisk tilnærming. Det inneber at data blir behandla som ein strategisk ressurs og blir delt på tvers av system, nivå og domene.

Målet er å gi avgjerdstakarar raskare tilgang til relevant informasjon og betre situasjonsforståing.

– For å få til dette må Forsvaret gjennom ein omfattande digital transformasjon der system og aktørar blir kopla tettare saman. Høg kvalitet på data og interoperable digitale løysingar blir heilt avgjerande, meiner Malerud.

Ifølgje rapporten er nettopp evna til å samle inn, dele og utnytte data noko av nøkkelen til å oppnå ein avgjerdsfordel overfor ein motstandar.

Kva betyr datasentrisk?

Datasentrisk vil si at avgjerder, planlegging og operasjonar blir bygde i størst mogleg grad på deling og utnytting av relevante data på tvers av organisasjonen. Informasjon frå sensorar på satellittar, dronar og andre system blir delte og utnytta på tvers av organisasjonen for å gi betre situasjonsforståing og raskare avgjerder. Det gjer at data må behandlast som ein strategisk ressurs i Forsvaret.

Størst behov for endringar i kommando og kontroll

FFI har analysert korleis multidomeneoperasjonar påverkar Forsvarets grunnleggjande funksjonar. Konklusjonen er at alle delar av Forsvaret blir påverka, men at behovet for endringar er størst innan kommando og kontroll (K2) og etterretning, overvaking og rekognosering (ISR).

– I framtidige operasjonar vil det bli endå viktigare å kunne planleggje og leie operasjonar raskt, koordinere innsats på tvers av domene og dele informasjon effektivt mellom ulike nivå og aktørar, seier Malerud.

Rapporten peikar òg på at desentralisert leiing og NATOs nye konsept for tverrdomenekommando (Cross-Domain Command) kan få mykje å seie for korleis Forsvaret organiserer og leier operasjonar i framtida.

Tettare samarbeid med sivile

Ein viktig skilnad mellom dagens fellesoperasjonar og framtidige multidomeneoperasjonar er den auka betydninga av sivilt-militært samarbeid. Mykje av teknologiutviklinga innan romdomenet, digital infrastruktur og kunstig intelligens går i dag føre seg utanfor forsvarssektoren. Samtidig er Forsvaret avhengig av sivil infrastruktur og kommersielle tenester.

Rapporten framhevar derfor behovet for tettare samarbeid med industri, teknologiselskap og andre aktørar i totalforsvaret. Erfaringar frå Ukraina viser òg korleis sivile teknologimiljø og kommersielle løysingar kan få mykje å seie for militær operativ evne.

Mange uavklarte spørsmål

Sjølv om NATO og allierte land har lagt stor vekt på multidomeneoperasjonar dei siste åra, meiner forskarane at det framleis er behov for stor kunnskapsutvikling.

Blant områda som blir trekte fram som særleg viktige, er:

  • datasentriske plan- og avgjerdsprosessar
  • interoperabilitet mellom system og aktørar
  • integrasjon av rom- og cyberdomenet
  • auka utnytting av elektronisk krigføring
  • effektiv målnedkjemping på tvers av domene
  • sivilt-militært samarbeid
  • kompetanse og trening for MDO

Må utviklast gradvis

Utviklinga av multidomeneoperasjonar i Forsvaret bør skje gradvis og kunnskapsbasert, gjennom analysar, eksperimentering, simuleringar, øvingar og krigsspel, meiner FFI-forskarane. Målet er å finne tiltak som faktisk styrkar Forsvarets operative evne – både nasjonalt, i totalforsvaret og saman med allierte.

– Viss vi skal få eksisterande kapasitetar til å fungere betre saman, må utviklinga av teknologi, organisasjon, prosessar og kompetanse i heile Forsvaret sjåast i samanheng, konkluderer Malerud.