Tema

Langtidsplanlegging

Forsvaret skal og må planlegge for situasjonar som kanskje aldri oppstår. Jo lengre tidshorisont, jo mindre sikre er vi på kva utfordringar som møter oss.

Samstundes gjer Forsvaret store og langsiktige investeringar i fly, skip, ubåtar og landbasert utstyr. FFI er ein viktig medspelar både før og under innføring av nye system og våpen.

FFI har ei viktig rolle i å samanlikne og kalkulere nytteverdien av ulike investeringar over tid. Målet er å gjere Forsvaret i stand til å møte framtida med dei rette føresetnadene og stridsmidla. FFI er spesielt innretta på å bidra til det norske totalforsvaret, i form av både scenario og frie innspel basert på eiga forsking. 

Prosjektar

Relevante vitskaplege publikasjonar

Relatert innhald

Redaksjonelt innhald relatert til langtidsplanlegging.