Slik kan EU ruste seg for ei tøffare framtid

Klimaendringane, teknologiskiftet, truslane mot demokratiet og dei dramatiske geopolitiske endringane gjer at EU treng klåre hovud for å tenke ut nye løysingar.

Portrett av en smilende Bjørn Olav Knutsen. Han har på blå skjorte og en blå dressjakke.
Som einaste skandinav deltok FFI-forskar Bjørn Olav Knutsen nyleg i ei av EUs viktigaste tankesmier.

Når kommisjonspresident Ursula von der Leyen i EU skal halde sin årlege «State of the Union»-tale treng ho innspel frå ekspertane i systemet.

Som einaste skandinav har sjefsforskar Bjørn Olav Knutsen ved FFI nyleg vore deltakar i ei av EUs viktigaste tankesmier. I november var han med på «Strategic Foresight Workshop» i Brussel. Målet for samlinga var å utvikle framtidsbilde for Europas geopolitiske rolle.

Strategisk framsyn

Sidan 2020 har Europakommisjonen årleg presentert sin «strategisk framsyn»-analyse. Det er eit nøkkeldokument som tek for seg dei store endringane EU og medlemslanda står overfor. I starten tok ein for seg lærdommar frå Covid-19 og behovet for motstandskraft i verdikjedene. Sidan har rapporten vore prega av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina.

Von der Leyens underlag

2025-rapporten kom i september. Den understrekar behovet for ei breiare forståing av motstandskraft. Inkludert i dette er utfordringar innanfor både klima, teknologi. demokrati og geopolitikk. Ursula von der Leyen baserte store delar av den siste årstalen sin på innhaldet i denne rapporten.

Eit sentralt mål for von der Leyen og kommisjonen er å bygge ut EUs strategiske suverenitet og autonomi. Det kan gjere unionen meir motstandsdyktig mot eksterne sjokk og avhengnader.

Dette er også kjernen i EUs nye sjølvforståing, der kommisjonen no definerer EU som ein  stor geopolitisk aktør.

– Slik var bakteppet for den workshopen eg var invitert til, fortel sjefsforskar Bjørn Olav Knutsen.

35 ekspertar

Bilde av ein presentasjon med overskrifta EU Policy Lab. To personar sit nede til høgre.
Glimt frå «Strategic Foresight Workshop» i Brussel, der 35 internasjonale ekspertar tok del i november 2025. (Foto: Bjørn Olav Knutsen).

Av dei 35 internasjonale ekspertane som deltok, var Bjørn Olav Knutsen den einaste representanten frå Skandinavia.

Workshopen hadde dette som hovudproblemstilling: «Korleis kan eit utfordra EU forme og tilpasse sin langsiktige posisjon i ein global verdsorden i rask utvikling?»

Bakgrunnen for at Knutsen deltok var den langvarige kontakten han har hatt med Brussel-miljøet, frå Egmont-instituttet til Brussels School of Governance.

– Eg har vore med på fleire møte i både Europakommisjonen og NATO. Eg synest det var hyggeleg, men også svært intenst å vere med i desse to fulle dagane. Målet var sjølvsagt å bidra til å styrke EU som politisk aktør i ei verd som blir meir usikker.

Han understrekar den strategiske vekta dette arbeidet har, i og med at konklusjonane herifrå når toppane i EU direkte.

– Det er klart rapporten er sentral. Den viktigaste talen til presidenten i året er basert på dei innspela som kjem til uttrykk her.

Det kritisk usikre

– Kvifor er arbeidet med strategiske utsikter så viktig for EU akkurat no?

– Verda blir stadig meir uføreseieleg. Når til dømes USA overlét meir ansvar til europearane må EU ta større ansvar for sin eigen tryggleik og konkurransekraft. Foresight-arbeidet er likevel ikkje å spå framtida. Det er å identifisere det som er kritisk usikkert, og utvikle motstandsdyktige strategiar. Dei bør halde uavhengig av kva scenario som går føre seg. Det handlar kort sagt om å bygge eit strategisk sjølvstende som kan verne europeiske verdiar og interesser, seier Knutsen.

Han fortel at arbeidet han deltok i starta med å identifisere 36 sentrale drivarar innanfor sju område.

– Det var mellom anna miljø, økonomi og måtar å styre på. Slik kunne vi definere dei kritiske uvissene i den framtidige utviklinga betre. Dette danna grunnlaget for utviklinga av sju ulike scenario.

Slike scenario er meint å hjelpe EU-kommisjonen med å utforske ulike langsiktige geopolitiske roller for EU. Vidare kan ein identifisere område for innverknad, alle med ein styrke som kan verke på tvers av moglege utviklingstrekk i verda.

– Eg blei imponert over den faglege tyngda og seriøsiteten som vart lagd ned. Deltakarane spente over mange fagfelt, frå forskarar og akademikarar til byråkratar og diplomatar. Det var ein stor fordel for alle, seier Knutsen.

Sju scenario går vidare

– Kva skjer med desse scenarioa no, og kva betyr dette for Noreg?

– Våre sju scenario frå samlinga blir no tekne vidare inn i EU-systemet. Der skal dei mellom anna stressteste den pågåande politikken til kommisjonen. Dette vil ligge til grunn for neste års rapport, som etter planen kjem i september 2026. At rapporten har innverknad også i Noreg, kjem til uttrykk i at Stortinget er svært merksam på den.

Knutsen understrekar kor viktig europeisk integrasjon er blitt.

– Det er truleg det viktigaste forsvaret for ei verd som framleis er basert på multilateralisme, og på ideen om kollektiv tryggleik på regional og global basis. Å bidra til å styrke EU som politisk aktør har derfor mykje å seie, konkluderer Knutsen.

EU-rapporten er nært knytt til Niinistö-rapporten og Readiness 2030-rapporten (sjå rammesak under). Begge signaliserer at EU må styrke forsvarspolitikken og avskrekkingsevna si for kunne å stå på eigne bein.

– Dei overordna måla er klart definerte. Men dei beste svara ligg alltid i detaljane, avsluttar Bjørn Olav Knutsen.

Her er rapportane

Her kan du lese rapportane som er nemnde i artikkelen: