Bryggar det opp til storm i det transatlantiske samarbeidet?

Nato-landa samlast i møte, og forsvarsutgiftene står høgt på dagsordenen. Men under overflata lurer eit større spørsmål: Er Europa og USA framleis ein tryggleiksfellesskap?

Sjefsforskar Bjørn Olav Knutsen ved FFI dykkar ned i det brennheite temaet, basert på den ferske artikkelen han nyleg har vore med på å skrive i tidsskriftet Internasjonal Politikk.

USA som tryggingsaktør

Han utforskar korleis EUs tryggingspolitikk har endra seg, spesielt etter Trumps første presidentperiode (men Obama var inne på det same), og den veksande spenninga mellom Europas ønske om strategisk autonomi og USAs tradisjonelle rolle som tryggingsaktør.

Nye initiativ frå EU

Høyr korleis EU svarer med nye initiativ som Det europeiske forsvarsfondet (EDF) og det som blir kalla PESCO, og korleis krigen i Ukraina har akselerert Europas eiga forsvarsutvikling. Er dette eit brot med Nato, eller snarare ei styrking av alliansen?

Den transatlantiske tryggingsalliansen står uansett overfor store endringar. Europa må ta eit større ansvar for eigen tryggleik. Det vil prege framtida på heile kontinentet.

Lytt til podkasten her, og få eit godt innsyn i Europas og USAs framtidige tryggingssamarbeid!

Flere episoder fra podkasten Ugradert