Fire år med fullskalakrig i Ukraina: Kan det bli fred?

Då dei russiske stridsvognene kryssa den ukrainske grensa i februar 2022, såg Putin kanskje for seg at krigen skulle vare nokre veker eller månader. Deretter ville nabolandet kapitulere. I staden er det blitt ein utmattingskrig med hundretusenvis av døde. Ser vi snart enden på lidingane, eller vil Russland halde fram med å angripe?

Lytt til episoden:

I denne episoden av Ugradert ser tre FFI-forskarar nærare på kva som pregar krigen no.

Tor Bukkvoll har studert russisk og ukrainsk politikk i årevis. Julie Helseth Udal er forskar med spesialisering på russisk økonomi og forsvarsutgifter. Kristian Åtland er særleg oppteken av russisk militær strategi og dei diplomatiske prosessane.

Frå garasjedronar til kunstig intelligens

Slagmarka i Ukraina er i dag ikkje til å kjenne att frå slik den såg ut ved starten av krigen. Panelet i studio diskuterer korleis ukrainsk innovasjon har ført til at dronar produserte  i enkle garasjar no kan gjere stor nytte mot russiske millionvåpen. Eit spørsmål er samstundes om stadig meir kunstig intelligens på slagmarka gjer at mennesket er i ferd med å få mindre kontroll over krigføringa.

Russlands økonomiske stamina

Vi har høyrt om sanksjonar i fire år, men den russiske økonomien nektar å kollapse. Julie Helseth Udal forklarer korleis Kreml har makta å omstille  samfunnet til ein krigsøkonomi, og kva rolle Kina spelar som Russlands økonomiske livbøye. Betaler den vanlege russaren prisen i butikkhyllene i Moskva, eller har Putin funne ei oppskrift som kan vare evig?

Kampvilje eller resignasjon?

Medan Europa snakkar om å ta meir ansvar og Washingtons støtte vaklar, er påkjenninga for ukrainarane ekstrem. Er kampviljen framleis der, eller snik krigstrøyttleiken seg inn? Kva med dei gløymde lagnadene: Korleis er livet eigentleg for dei ukrainarane som no har levd fire år under russisk okkupasjon?

Kvifor teier våpena aldri?

Trass i gjentekne rundar ved forhandlingsbordet held krigføringa fram. I sprengkulda i vinter har det vore store russiske angrep på Ukrainas kraftforsyning. Forskarane  diskuterer kvifor freden verkar så fjern, og kvifor det er vanskeleg for Ukraina å gi frå seg landområde i byte mot ei skjør våpenkvile.

Dei tre gjestene i studio er likevel ikkje heilt samde om kva som kan bli utgangen på krigen, og når freden vil kome.

Høyr heile samtalen i vekas podkast.

Fleire episodar frå podkasten Ugradert