Støy og vêr er ein interessant uvenn

– Det er feila som gir innsikt, seier Filip (22), etter å ha brukt sommaren på å utforske kva som rotar det til for elektronisk kommunikasjon. 

Portrett av Filip - ein somarstudent ved FFI.
TEKNOLOGI FOR FORSVARET: – Det mest interessante her har vore høvet eg fekk til å forske på teknologi for Forsvaret. Eg har alltid sett for meg at Forsvaret skal ligge i front når det gjeld ny teknologi. Det fekk eg verkeleg stadfesta då eg besøkte dei ulike avdelingane. Det var også motiverande at arbeidet mitt var relevant og kunne ha ein reell innverknad, seier somarstudent Filip.

Eg studerer ved NTNU i Trondheim. Faget er elektronisk systemingeniør. I sommar har eg utvikla elektronikk og programvare for eit radiosystem. Det skal brukast til satellittkommunikasjon og interferensmålingar. Mellom anna har eg vore mykje på taket her på Kjeller for å teste ei antenne. Arbeidet har vore sjølvstendig, men med mål om å også kunna integrerast i eit større prosjekt.

Feil kan føre til verdifull innsikt

Arbeidet har lært meg mykje om radiokommunikasjon, open kjeldekodeprogramvare, satellittkommunikasjon og maskinlæring. I tillegg har eg erfart kor stor påverknad støy og vêr kan ha på radio- og satellittsamband. Det var mykje feiling under prosessen. Desto viktigare er det å ta alle feila som lærdommar. Det er ei artig kjensle at feil faktisk kan føre til verdifull innsikt.

Koden eg jobba med var skriven i språk eg kjente frå før, eller den likna så mykje at det var lett å sette seg inn i den. Eg har også hatt signalhandsaming tidlegare, noko som hjelpte meg med å forstå og analysere radiosignal. Det var mykje eg ikkje kunne frå før òg, men det synest eg berre var spennande! Frå førstegongstenesta, der eg var i rekognoseringslaget i Sambandsbataljonen, har eg fått erfaring som gjorde det enklare å sjå relevansen av prosjektet mitt her ved FFI.

Forsvaret vekte elektronikkinteressa

Heilt sidan eg var ganske ung har ingeniøryrket stått på planen min. Det er noko med det å kunna skape ting som har fascinert meg. Tida i Sambandsbataljonen i Forsvaret var det som verkeleg fekk meg til å velje elektronikk. Det var spennande å sjå kor viktig kommunikasjonsteknologi – og alle dei små duppedittane – er for Forsvaret. I tillegg har eg alltid vore nysgjerrig på PC-ar og korleis elektronikk er ein del av nesten alt i samfunnet.

Eg har lenge ønskt å studere ved NTNU i Trondheim. Då eg søkte, var studiet til elektronisk systemingeniør heilt nytt. Det gjorde det ekstra spennande. Det var veldig relevant og gir meg høve til å jobbe breitt innafor elektronikk.

Det mest interessante her har vore høvet eg fekk til å forske på teknologi for Forsvaret. Eg har alltid sett for meg at Forsvaret skal ligge i front når det gjeld ny teknologi. Det fekk eg verkeleg stadfesta då eg besøkte dei ulike avdelingane. Det var også motiverande at arbeidet mitt var relevant og kunne ha ein reell innverknad.

Nytt syn på forskarrolla

Ei av dei store utfordringane innanfor faget mitt framover blir å utvikla kommunikasjonsløysingar som fungerer under stadig meir krevjande forhold. Krava til fart og tryggleik blir høgare – spesielt med tanke på framtidige system som 5G, 6G og satellittkommunikasjon.

Personleg kunne eg tenke meg å jobbe med system som skal fungere under ekstreme forhold – som i vakuum, under vatn eller ved store temperaturvariasjonar. Satellittar og undervassrobotar er spennande retningar, og romfartsindustrien i Noreg ser ut til å vera på veg oppover.

Å bli forskar er absolutt ikkje utenkeleg! Eg har fått eit heilt nytt innblikk i kva forsking er, og eg likar tanken på å kunna teste og lag prototypar.

Eg har likt at arbeidet her ved FFI har vore veldig sjølvstendig, og at oppfølginga hovudsakleg var statusmøte – ikkje instruksjonar om at «slik skal du gjere det». Det var lagt stor vekt på at eg kunne fordjupe meg i det som interesserte meg innanfor temaet.

Eg er også veldig glad for at eg har sete saman med ei gruppe andre sommarstudentar. Me har vore seks til saman. Eg hadde mine eigne arbeidsoppgåver, men mykje kunne integrerast med resten av gruppa. Eg var litt redd for at forskaryrket kunne vera ein einsam jobb der ein sit åleine på kontoret, men det viste seg at det ikkje må vere tilfelle. Vi sommarstudentane hadde også fleire dagar med volleyball og grilling etter jobb. Som vestlending utan tidlegare tilknyting her aust har dette vore ein fin sommar – og skepsisen min til Austlandet har vorte mykje mindre!

Ein sommar med læring og inspirasjon

Ved å jobbe på FFI får ein høve til å bidra både til det norske Forsvaret og til det sivile samfunnet. Mykje av teknologien som blir utvikla her kan ha stor innverknad globalt. Det er ein spennande arena for ny teknologi og innovasjon.

FFI er ein av sponsorane i Orbit NTNU, der eg er aktiv. Det er motiverande å sjå at FFI støttar tekniske studentprosjekt og bidreg til å finansiere studentars nyfikne og skaparglede.

Dette har vore ein sommar fylt med læring, inspirasjon og motivasjon til å fullføre studiet. Å kunna forlate sommarjobben med ei kjensle av at eg har bidrege til eit prosjekt, det er flott å tenke på. Det er nok svært sannsynleg at eg kjem til å søke om å skrive bacheloroppgåva mi for FFI.

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?