Ukrainas våpen kan bli Europas tryggingsmareritt

Når krigen i Ukraina ein dag er over, startar ein av Europas farlegaste ryddejobbar. Oberstløytnant og FFI-forskar Geir Petter Novik er hjernen bak ei ny øving som skal sikre at vestlege våpen ikkje endar opp i hendene på kriminelle og terroristar.

To menn registrerer ammunisjon stablet på en pall.
Dokumentasjon og risikovurdering av ammunisjon lagra i utandørs feltlager. Spanske inspektørar ønsker her både å registrere ammunisjonen og gi råd for korleis han bør oppbevarast.

Den dagen freden kjem til Ukraina opnar eit anna scenario seg.

– Då kan ein stor risiko for Europa skyte fart, åtvarar Geir Petter Novik.

Forskaren og offiseren ved FFI peikar på det som er skjedd gjennom fleire år med intens krigføring:

– Ukraina har akkumulert enorme mengder våpen og ammunisjon. Utan kontrollert sikring kan dette materiellet bli ei kjelde til ustabilitet i tiår framover, seier han.

Lærdommen frå Balkan

Historia er ein brutal læremeister. Etter krigane på Balkan på 1990-talet forsvann enorme mengder våpen. Seinare dukka somme av dei opp i europeiske kriminelle miljø eller blei brukte i terroråtak.

– Omfanget av utfordringane i Ukraina er rett og slett for stort for eitt land åleine, forklarar Novik, som understrekar at ein ikkje har råd til å gjenta feila frå Balkan.

– Å kartlegge, sikre, transportere og eventuelt destruere dette materiellet krev store ressursar innanfor både teknologi og logistikk. Her blir internasjonalt samarbeid ein heilt nødvendig styrkemultiplikator, seier forskaren.

Mann i uniform inspiserer et våpenlager.
Registrering og teknisk vurdering av avanserte våpensystem er ein vesentleg del av oppdraget.

Kampsone på Kjeller

2 stykk MON-50, russisk antipersonellmine.
To russiske MON-50 anti-personellminer, ein type ammunisjon som spreier rundt 500 dødelege fragment i ei bestemt retning. Den sektorvirkande effekten gjer at denne ammunisjonen ofte også blir nytta montert på dronar, med fjernstyrt avfyring.

Novik planla den omfattande øvinga VERIFEX, som blei gjennomført no i april. Her var delar av FFIs område omgjort til ei simulert ukrainsk kampsone. Målet var å lokalisere, registrere og dokumentere ulike våpensystem som var spreidde over eit større område. Altså nettopp slik som situasjonen vil vere i eit krigsherja Ukraina.

Personell frå både Noreg og Spania har i denne øvinga lært meir om å handtere ustabil og farleg lagra ammunisjon. Ved å bygge denne kompetansen no, står FFI og Forsvaret betre rusta til å hjelpe Ukraina med å byggje god system for kontroll den dagen fredsavtalen blir signert.

– Målsettinga vår er å kunne gi ukrainsk personell råd og tilrådingar om korleis ammunisjon blir lagra på ein forsvarleg måte, seier Novik.

Kamp mot kaos

Mann inspiserer ammunisjonslager utendørs.
Inspeksjon av ulike typar 30mm ammunisjon plassert i eit utandørs feltlager.

Utfordringa veks på grunn av øydelagd infrastruktur og eksisterande problem med korrupsjon. Underdirektør Ragnhild Hustad i Forsvarsstaben og brigadar Kjell Hauan støttar begge opp om kor viktig dette arbeidet er. Dei peikar på at Ukraina sjølv ber om slik støtte.

– Å sikre våpen og ammunisjon handlar ikkje berre om nasjonal stabilitet i Ukraina, men om tryggleiken for folk i heile Europa, seier Hauan.

Legg grunnlag

Gjennom Noviks planlegging og FFIs faglege innsikt blir grunnlaget no lagt for at dei same våpena som i dag forsvarer Ukrainas fridom, ikkje endar opp som ein trussel mot europeiske gater i framtida.