Eskil kåra til årets forskingsformidlar

For Eskil Grendahl Sivertsen var ikkje fjoråret spesielt stille. Årets forskingsformidlar ved FFI står bak 60 mediesaker, 80 foredrag og deltaking i talrike debattar.

En mann står med en blomsterbukett og diplom og smiler til fotografen
Eskil Grendahl Sivertsen vil gi det norske samfunnet meir kunnskap om påverknadsoperasjonar frå framande makter. For dette arbeidet fekk han prisen «Årets forskingsformidlar» ved FFI. Foto: FFI.

Spesialrådgjevaren i avdeling Totalforsvar fekk denne attesten frå juryen:

– Formidlingsarbeidet som prisvinnaren i år har gjort er eit stjernedøme på korleis kommunikasjon kan brukast for å oppnå strategiske mål. Vinnaren i år har drive aktiv forskingsformidling for å fremje FFI som Noregs leiande kompetansemiljø innanfor påverknadsoperasjonar – og han har lukkast godt.

Verktøy for motstand

I grunngjevinga si legg juryen vekt på at Sivertsen har nytta forskingsformidling som det viktigaste verktøyet for å styrke Noregs motstandsevne mot påverknadsoperasjonar. 

– I 2023 har han halde over 80 foredrag. Han har mellom anna vore på store konferansar som NSMs tryggingskonferanse, Samfunnssikkerhetskonferansen og Sikkerhetsfestivalen på Lillehammer. Han har òg halde innlegg for regjeringa, NSMs leiargruppe, PST, Medietilsynet og ei rekkje ulike departement og etatar. 

Kommunikasjonsprisene 2023

Kommunikasjonsprisene er et virkemiddel for å stimulere formidlingen av FFIs forskningsresultater og deles ut en gang i året. Her er prisvinnerne for 2023:

Journalistar som målgruppe

Sivertsen har òg gjort ein innsats for å heve kompetansen blant norske journalistar. Han har å drive aktiv forskingsformidling til alle NRKs regionskontor, til Norsk Journalistlag og VGs og Aftenpostens journalistar. I tillegg har han medverka til over 60 artiklar i norske medium. Han har delteke i debattprogram både i radio og på TV, og i paneldebattar på sentrale arenaer i regi av mellom anna Norges Juristforbund, Polyteknisk Forening, Noregs Bank og Medietilsynet. 

I sum har dette heva kompetansen til mange om kva påverknadsoperasjonar faktisk er, og kva vi som samfunn treng å gjere for å verne oss betre.

– Dette arbeidet har sett FFI på kartet. Difor får Eskil Grendahl Sivertsen prisen som Årets forskingsformidlar 2023, konkluderer juryen.

Brei bakgrunn

Sivertsen er opphavleg frå Trondheim. 47-åringen  har jobba med strategisk kommunikasjon sidan 2004,  både sivilt og militært. Han har vore kommunikasjonsrådgjevar for fleire utanriks- og forsvarsministrar. Han har også røynsle frå internasjonale operasjonar.

Kva seier han sjølv om å få prisen?

– Det var stas å få ein slik anerkjenning frå arbeidsgjevaren min. Det er så mange dyktige forskarar og formidlarar ved FFI, så dette var veldig hyggeleg. Eg ser at det er eit stort kunnskapsbehov i heile samfunnet når det gjeld påverknadsoperasjonar. Kva dei er, korleis ein kan kjenne dei att og kva følger dei kan få. Kunnskap bygger motstandskraft. Eg vonar eg kan bidra til det. Litt av pengepremien gjekk til nokre flasker vin, men med mindre eg hiver dei i meg rett før eg held neste foredrag vil prisen neppe påverke arbeidet mitt. Motivasjonen min er å bidra til å styrke norsk tryggleik og beredskap.

Han fortel at vegen hans inn i dette faget gjekk via skrivinga.

– Eg har alltid likt å skrive, og har opplevd at eg ikkje er så verst til det. Eg tenkte lenge at det var journalist eg ville bli. Så fall eg for utdanning i strategisk kommunikasjon, i Skottland og USA. Det har eg ikkje angra eit sekund på.