Forsvarets interne jobbmarknad møter utfordringar
Forsvaret treng fleire folk. Dermed kan det også bli fleire hyppige byte av stilling. Dette kan ha noko å seie for den operative evna. Nyansane er likevel mange.

Forsvaret treng både breidde- og djupnekompetanse, men det er ikkje gitt korleis det skal prioriterast mellom desse krava.
– Den planlagde personellveksten i kommande langtidsplan vil truleg auka behovet for stillingsbyte. Forsvaret må då prioritere strengare mellom kven som skal stå lengre i stilling, kven som skal byte stilling oftare og kva stillingar som kan stå tomme over tid.
Det seier forskarane bak rapporten «Det interne arbeidsmarkedet i Forsvaret – stillingsbytter blant militært personell». Dei fire er Erlend U. Nordvang, Petter Y. Lindgren, Torbjørn Hanson og Sverre Ubisch.
Eit bilete med nyanser
FFI-rapporten syner eit system med nyansar i kompetanseområda, og i skilnadane mellom personellgruppene. Sjølv om Forsvaret erkjende behovet for meir spesialisering allereie i 2015, med innføringa av Ordning for militært tilsette (OMT), syner tala frå 2013 til 2023 at lite har endra seg.
Stillingsbytefrekvensen åleine fortel likevel ikkje alt. Til dømes skjer mange byte innafor same kompetanseområde.
– Vi peikar i rapporten på at stillingsbyter kan ha gevinstar, og ikkje er utelukkande negativt, seier Erlend U. Nordvang ved FFIs avdeling Strategiske analysar og fellessystem.
Druknar i rotasjon
«Spesialisering gir store produktivitetsgevinstar», slår rapporten fast. Med meir avansert militær teknologi blir behovet for personell som har djup fagkompetanse stadig viktigare.
– Somme militære kjenner kanskje på at hyppige byte må til, i jakta på breiddeerfaring. Men vi har ikkje undersøkt dette spesifikt, påpeikar Nordvang.
Paradoksalt nok syner rapporten at det nettopp er offiserane som i snitt sit lengst i stillingane sine, medan spesialistane (OR2-4) bytar oftare. Sluttratene er også høgare hos spesialistane, til dels fordi dei er yngre.
Nemninga «spesialist» dekkjer ei stor breidd av jobbar. Det kan vera ein skyttar på ei stormpanservogn, ein mekanikar, maskinisten på eit fartøy, ein som handterer luftvernsystem eller ein radaroperatør. Kort sagt folk som over tid er grundig opplært i å løyse konkrete oppgåver på spesifikke teknologiske felt.
Oppfatningane varierer
For kvar einskild i Forsvaret kan synet på hyppige stillingsbyte variere. Ein ung offiser kan sjå på rotasjon som ein nødvendig veg til avansement. Ho eller han får høve til å bygge eit breitt nettverk og få forståing for ulike delar av organisasjonen. Dette hierarkiske systemet skaper insentiv for å flytte seg oppover, ofte gjennom ulike stillingar. Sett på spissen kan systemet skildrast som at «alle vil bli forsvarssjef».
– For ein spesialist, derimot, ein som kanskje brenn for sitt fagfelt, kan hyppige byte bli opplevd som ein bremsekloss for å utvikle djupare innsikt, seier Nordvang.
– Den nemnde OMT-ordninga skulle nettopp skapa ein karriereveg for spesialistar, utan behov for konstant rotasjon. Rapporten seier at dette målet ikkje fullt ut er blitt realisert. Frykta for å «bli gløymt» eller ikkje få sjansen til å utvikle seg dersom ein blir for lenge i same stilling, kan også drive fram ønsket om byte.
Det militært særeigne
Å skifte jobb i Forsvaret er heilt ulikt det som skjer i sivilt arbeidsliv. I det sivile søker folk seg til spesifikke stillingar ut frå interesse og kompetanse. I Forsvaret blir du beordra. I utgangspunktet kan ein beordrast til kva stilling som helst «etter Forsvarets behov». Samstundes er systemet i stor grad basert på «villigheit» til å fylla stillingane i dei årlege stillingsrundane.
– Her ligg det ei underliggande forventing om mobilitet, trur Nordvang.
Dominoeffekt
Forskarane peikar på at stillingsbyte kan skape ein dominoeffekt, gjennom det dei kallar vakansekjeder: Den tilsette som får ny stilling etterlet seg ei vakant stilling. Den stillinga må fyllast internt, av andre militære. Slik held det fram nedover i organisasjonen. Med den planlagde veksten i Forsvaret dei komande åra fryktar forskarane at denne effekten vil bli forsterka. Tusenvis av nye stillingar skal fyllast, noko som kan føra til ei stor intern rokering. Det vil gjere det det nødvendig med ei strengare prioritering.
Kven står, kven går?
Erlend U. Nordvang og medforskarane stiller nokre konkrete spørsmål.
– Forsvarets utfordring er no: Korleis prioritere mellom behovet for spesialisering og breiddeerfaring? Kva stillingar kan stå vakante ei stund for å unngå unødvendige byte? Kven bør byte ofte, og kven bør bli verande for å sikre spisskompetanse og fagleg dybde?
Nordvang peikar på at informasjonen som trengst for å ta desse vanskelege avgjerdene ofte ligg hos avdelingssjefane. Men det finst også styringsinformasjon sentralt.
Frykt for tomme stoler
Forskarane oppdaga at det dannar seg tomrom i systemet: Talet på stillingar med null søkarar i dei årlege stillingsrundane er aukande. Dette kan indikere at Forsvaret i aukande grad vel å la stillingar stå vakante, i staden for å beordre personell mot sin vilje. Sjølv om dette kan dempe kor hyppig stillingsbyte skjer, reiser det alvorlege spørsmål om kapasitet og operativ drift.
– Eit døme kan vere at ein spesialist som tenestegjer i Nord-Noreg har fått ny beordring til ei stilling på Austlandet. Dermed står stillinga i nord ledig, utan at det dukkar opp ein ny som vil nordover. Da må Forsvaret velje om dei skal la stillinga stå ledig over tid, eller beordre nokon mot deira vilje, seier Nordvang.
Eit spørsmål om prioritering
FFI-rapporten er i stor grad beskrivande. Den fortel korleis situasjonen faktisk er. Forskarane vågar seg likevel på ein konklusjon om kva som bør skje.
– Skal Forsvaret møte framtidas utfordringar med eit kompetent og slagkraftig mannskap må dei sikre balanse mellom breiddekompetanse og spesialisering. Leiinga må sjå kostnadene ved hyppige byte og kor dei oppstår, men også vere medvitne om kven som haustar vinst ved å byte stilling ofte. Eit mål må vere å utvikle ei meir målretta og strategisk tilnærming til intern mobilitet. Ei slik tilnærming tek omsyn til skilnadene mellom personellgruppene og kompetanseområda. Då vil Forsvaret være betre rusta til å prioritere mellom breidde og spesialisering, avsluttar Erlend U. Nordvang.