Alle elskar norsk romforsking

To ting er sikkert etter FFIs frukostmøte om norsk romsatsing: Vi er ein romnasjon. Og interessa for det forskarane driv med i verdsrommet er enorm.

Deichman, Bjørvika
31. oktober kl. 8.30-10.30

Himmelen over oss er populær: Salen på Deichmanske bibliotek var stappfull då FFI 31. oktober inviterte til møte om alt det instituttet driv med utanfor atmosfæren. Vel 170 tilhøyrarar fekk eit raskt innblikk i dei delane av norsk romforsking som har med Forsvaret å gjere. Samtidig fekk dei møte noko av det nettverket som på sitt felt gjer at Noreg er i ferd med å bli ein stor romfartsnasjon. Det feltet handlar særleg om overvaking i nordområda. Teknologisk kan det omfatte mykje meir.

Vi beklagar dårleg lyd under direktesendinga, problemet er retta opp i opptaket av frukostseminaret som du kan sjå under.

Satelittmottakarane

Forskingsdirektør ved avdeling Sensor og overvåkingssystemer Trygve Sparr ved FFI ønskte velkommen til eit panel av satellittbrukarar: Nils Andreas Stensønes er sjef for Etterretningstenesta, administrerande direktør Christian Hauglie-Hanssen jobbar ved Norsk Romsenter og Arve Dimmen er direktør for navigasjonsteknologi og maritime tenester i Kystverket. Alle desse har aksjar i det som er i ferd med å bli noko av eit norsk, teknologisk romeventyr.

Det starta i det små. For så vidt held det fram slik: Då FFI-forskar Tonje Nanette Arnesen fekk inn ein modell av ein av dei nye satellittane på kontoret sitt, tenkte ho: «Er den verkeleg så liten?».

– Eg måtte fram med målebandet for å sjekke om den var ein skalamodell. Men det var han ikkje, han hadde full storleik. Satellittane våre er i familien «mikro».

Ho fortalde korleis samarbeidet med Nederland har ført til at tvillingsatellittane Huygens og Birkeland blei skotne opp 3. januar i år. Sidan har dei gått i tandem høgt over hovuda på oss. Data frå formasjonsflyginga deira i polar bane gjer det mogleg å geolokalisere skip og andre objekt svært nøyaktig. 

Ein fantastisk familie

Dei er ikkje åleine der oppe: Ein heil familie av norskutvikla satellittar er i drift, i høgder rundt 5-600 kilometer og kvar med ei fart på mange kilometer i sekundet. På eit døgn har dei typisk runda kloden 14-15 gonger.

– Dei gjer ein fantastisk jobb, sa forskingsleiar Richard Olsen.

– Vi ser også at dei har overgått forventningane vi har hatt. Vi skaut opp AISSat-1 i 2010, den første norske mikrosatellitten. Vi meinte det ville vere ein suksess om den varte i eitt år. Den verka i tolv.

Olsen peika på at havområda i nord har vore bakteppet for den norske satsinga.

– Korleis skal dei overvakast? Stikkorda her er dårleg vêr, vanskelege lysforhold og ei stor militærmakt i aust. Vi har behov for satellittar som ikkje ser jorda frå ekvator, men som går i bane over polane. Vi er godt i gang, men utfordringane våre er framleis tilgjenge og kapasitet – sjølv med  alle satellittane som vi no skyt opp. Vi er framleis avhengig av korleis andre nasjonar prioriterer. Dette er eit meir tydeleg behov enn nokon gong: Vi bør ha satellittar vi sjølv har mest mogleg kontroll med.

Space_frokost_31102023.jpg
Til saman representerer dei ein stor del av det norske rom-økosystemet: Frå venstre Richard Olsen og Tonje Nanette Arnesen, begge FFI, E-tenestas Nils Andreas Stensønes, Arve Dimmen i Kystverket og Norsk Romsenters Christian Hauglie-Hanssen. (Foto: FFI)

Romhamna på Andøya

Deltakarane på frukostmøtet hadde alle store forventningar til den kommande Andøya Spaceport, som er eit kommersielt føretak under bygging i fiskeværet Nordmela. Denne romhamna vil vere tett knytt til det som kan kallast det norske rom-økosystemet

Christian Hauglie-Hanssen ved Norsk Romsenter peika på at det handlar om ei heil næringskjede.

– Denne kjeda startar på universiteta og i forskingssektoren, og fører fram til tenester sluttbrukarane har stadig meir bruk for. For å få finansiering har vi mellom anna utnytta mekanismane i ESA, den europeiske romfartsorganisasjonen. Her i Noreg samarbeider vi tett, med ei aktiv styringsgruppe. Det er nyttig, for det er framleis for usikkert med framtidig finansiering.

Med nye sensorar i rommet kan ikkje fartøy med skumle intensjonar lenger skru av den obligatoriske AIS-sendaren og tru seg usett: Så lenge dei bruker radar har systema ein signatur og ei sporing på dei. 

Kystverkets Arve Dimmen la vekt på kor viktig satellittane er blitt.

– Havovervaking før handla om kva det var mogleg å sjå 30-40 nautiske ut frå kysten. No er vi i stand til å følgje skip i detalj, også på ope hav. Vi kan distribuere data til fiskeri, skipsfart og til ulike etatar. Vi samlar ti millionar plott i døgnet. Vi kan sjå om eit fartøy har avvikande åtferd. Vi testar no algoritmar utvikla ved FFI som kanskje kan føreseie ulykker før dei skjer.

E-tenesta dyssar ikkje ned

Etterretningssjef Nils Andreas Stensønes peika på at det ligg ei veksande nytte i datamengda som blir samla inn.

– Det som flyg er jo sexy og gøy. Men det som skjer på bakken er minst like viktig. Informasjonsmengda vi får frå rommet aukar enormt. Det skal mange menneske til for å analysere nokre tusen bilete om dagen. Det er heilt umogleg å analysere hundre gonger så mykje, og der er vi allereie. Stordata og maskinlæring heilt avgjerande for å utnytte romsegmentet.

I 2021 fekk E-tenesta ansvar for Forsvarets romverksemd. Stensønes peika på at det ikkje ligg noka neddyssing i det.

– Vi jobbar for alle, ikkje berre Forsvaret. Vi informerer breitt. Det inkluderer statsrådar og statsminister, og instansane som elles har behov.

FFIs stigfinnarar

Sjefsforskar Richard Olsen ved FFI såg på kvar nye satellitt som eit trappetrinn vidare i utviklinga.

FFIs Richard Olsen foran en bilde som viser norske minisatellitter som er skutt opp siden 2010
Richard Olsen gjekk gjennom FFIs enno korte, men innhaldsrike satellitthistorie. Etter planen blir NorSat-4 skoten opp neste år, og MicroSAR i 2025. (Foto: FFI)

– Vi har bidrege med nyttelasta om bord i satellittane. Det skal vi halde fram med. Vi er stigfinnarar. Målet er å leggje grunnlag for Forsvarets operative kapasitetar. Vi fekk til formasjonsflyging med to satellittar. No arbeider vi med nedlasting av data via lasersignal. Laser er ikkje så lett å bruke når det er skyer, men med ein fordel i form av god kapasitet på overføringane, billig mottaksutstyr og noko som er vanskeleg å jamme eller avlytte.

Olsen likte at interessa for norsk romverksemd er så stor, jamfør dei mange frammøtte på Deichmanske.

– Det sentrale er likevel infrastrukturen på bakken, sa han.

– På Kjeller har vi eit «Mini-Houston», eit kontrollsenter for all aktiviteten der oppe. Ein kollega sa til meg: «Utan bakkeinfrastruktur er satellittane ikkje anna enn romsøppel». For det er her nede dei mest spennande tinga skjer.

Sjå programmet for frukosten

8.30
Frokost og registrering
9.00
Velkommen. Ved forskningsdirektør Trygve Sparr

Hva kommer framover? Hva må til for å utnytte potensialet i teknologien?

Vi legger frem ferske resultater fra det norsk-nederlandske samarbeidet SMART, som har vært i verdensrommet i nesten ett år.

  • Nils Andreas Stensønes, sjef for Etterretningstjenesten
  • Christian Hauglie-Hanssen, administrerende direktør Norsk Romsenter.
  • Arve Dimmen, direktør Navigasjonsteknologi og maritime tjenester, Kystverket.
  • Trygve Sparr, forskningsdirektør FFI.
10.30
Slutt
Last ned hele VITEN om romteknologi