Mindre seksuell trakassering i forsvarssektoren

I lang tid har forsvarssektoren arbeidd for at det skal bli mindre mobbing og seksuell trakassering her. Ein ny rapport frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) syner at noko positivt har skjedd sidan førre måling, som var i 2022.  

Soldater på oppstilling i grønn feltuniform. Alle står med ryggen til. I midten en kvinne med en lang flette.
MOBBING OG SEKSUELL TRAKASSERING: FFIs nye rapport syner nedgang i seksuell trakassering blant unge kvinner sidan 2022. Bildet er frå Hærens skole for rekrutt og fagutdanning ved Ternigmoen. (Foto: Frederik Ringnes / Forsvaret)

Rapporten viser at nivået av mobbing og seksuell trakassering er omtrent uendra sidan 2022 i dei tre verksemdene, men at Forsvaret har ein nedgang i seksuell trakassering blant meinige og studentar og unge, kvinnelege tilsette. Sjølv om denne utviklinga er positiv for Forsvaret, er førekomsten framleis høg for unge kvinner.

FFI har no gjennomført denne spørjeundersøkinga for fjerde gong i Forsvaret, og andre gong i Forsvarsmateriell (FMA) og ved FFI. Det er ein såkalla MOST-rapport. Forkortinga står for mobbing og seksuell trakassering. 

Rapporten er skriven av forskarane Kari Røren Strand, Maria Fleischer Fauske og Torbjørn Hanson, som alle arbeider ved avdelinga Strategiske analysar og fellessystem. 

– Det å kartlegge mobbing og trakassering på måten vi har gjort her, fungerer som ein temperaturmålar for verksemdene, seier forskingsleiar Strand.

Unge kvinner er risikogruppe 

I rapporten peikar dei på at kjønn og alder framleis er avgjerande faktorar for risikoen for å bli utsett for mobbing og seksuell trakassering. Spesielt unge kvinner i Forsvaret peikar seg ut som ei høgrisikogruppe for seksuell trakassering. Blant kvinnelege meinige og studentar, og unge kvinnelege tilsette i Forsvaret og FMA, har om lag halvparten opplevd seksuell trakassering dei siste 12 månadene. Til samanlikning er førekomsten mykje lågare blant menn i dei same gruppene. 

– For unge kvinner ser tala høge ut, men det finst veldig få andre undersøkingar å samanlikne med. Difor er det vanskeleg å vite om førekomsten er høg samanlikna med resten av arbeidslivet. Den viktigaste bodskapen her er at det er monalege skilnader mellom kvinner og menn. Særleg unge kvinner ligg høgt, men det er også denne gruppa som har hatt størst nedgang i perioden frå 2018 til i dag, seier sjefsforskar Maria Fleischer Fauske. 

Usikre på varsling 

Undersøkinga syner at fleire tilsette no veit korleis ein skal varsle om uønskte hendingar. Hovudårsakene til å la vere å varsle er at ein ikkje ønskjer å forfølge saka, er usikker på om hendinga er alvorleg nok eller at ein ikkje trur at varslinga vil føre til noka endring. Mange er også usikre på kva ein faktisk bør varsle om, noko som tyder på mangelfull kunnskap.

Leiarane har ansvar 

Talet på leiarar med personalansvar i Forsvaret som svarte at dei har fått opplæring i korleis dei skal handtere varslingssaker minkar. Prosenten av dei som seier dei har fått slik opplæring er gått ned frå 70 prosent i 2022 til 60 prosent i 2024. 

Forskarane understrekar at leiarars haldningar og evne til å handtere varsel er avgjerande for å skape ein trygg arbeidsplass. 

Fem viktige område for framtida 

Rapporten peikar på fem område som forsvarssektoren må prioritere framover: 

  • Vekt på risikogrupper: Tiltak må rettast spesielt mot dei unge kvinnene og miljøa rundt dei, sidan dei er mest utsett. 
  • Større innsats mot kjønnstrakassering: Stereotypiske førestillingar om kjønnsroller må nedkjempast. 
  • Styrke kunnskapen om kva seksuell trakassering er: Fleire må få medvit og ei felles forståing av grenser for akseptabel åtferd.
  • Auke tilliten til varslingsrutinane: Tilsette må kjenne seg trygge på at varsling blir teken alvorleg og fører til positive endringar. 
  • Sjå på effekten av tiltak: Det er nødvendig å undersøke kva for førebyggande tiltak som faktisk verkar. 

Vil ha med fleire

Forskarane tilrår også at framtidige undersøkingar inkluderer Forsvarsdepartementet og Forsvarsbygg, for å få eit bilete av heile sektoren. Dei understrekar at arbeidet mot mobbing og seksuell trakassering må skje fortløpande på alle nivå. Dei seier at denne typen undersøkingar må halde fram jamt, for å måle utviklinga over tid og sikre kunnskapsbaserte tiltak. Meir forsking, både kvantitativ og kvalitativ, er også nødvendig. Slik kan ein utvikle meir treffsikre og effektive metodar for å få bukt med denne utfordringa. 

– Dersom verksemdene ikkje har gode rutinar for handtering, og regelbrot ikkje får følger, blir det vanskeleg å endre både kulturen og individuell åtferd, seier Kari Røren Strand.

Mobbing og seksuell trakassering 

Rapporten tek for seg både mobbing og seksuell trakassering. I Forsvaret var mobbing mest utbreidd blant meinige og studentar. 25 prosent av kvinnene og 17 prosent av mennene hadde opplevd mobbing dei siste seks månadene. Blant unge tilsette var førekomsten 17 prosent for kvinner og 11 prosent for menn. Blant kvinnelege tilsette over 30 år var den 8 prosent i Forsvaret og 7 prosent i Forsvarsmateriell (FMA). Blant mannlege tilsette var den 6 prosent i Forsvaret og 4 prosent i FMA. Ved FFI var mobbing gjennomgåande mindre utbreidd. Berre 3 prosent av dei tilsette sa at dei hadde slike erfaringar. 

Når det gjeld seksuell trakassering, hadde rundt halvparten av kvinnelege meinige og studentar og unge kvinnelege tilsette i Forsvaret og i FMA opplevd det dei siste 12 månadene. Til samanlikning var førekomsten 12–14 prosent blant mannlege meinige og studentar og unge tilsette. Blant kvinnene over 30 år var førekomsten 24 prosent i Forsvaret og 19 prosent i FMA. For mennene var førekomsten rundt 8 prosent i begge verksemder. Ved FFI var seksuell trakassering gjennomgåande mindre utbreidd, og berre 6 prosent av dei tilsette sa at dei hadde slike erfaringar.

Relatert innhold