Risikokapitalistane kjenner ikkje Forsvaret
Norske teknologi-gründerar på forsvarsteknologi-feltet slit med å få investorar. Årsakene er ei blanding av manglande kunnskap og rein skepsis.

Trass i situasjonen i Ukraina og stadig meir vekt på å vere militært førebudd: Norske teknologiselskap med forsvarsløysingar tiltrekker seg for lite risikokapital. Ein fersk rapport frå FFI avslører skepsis blant norske investorar. Dei ser ut til å halde att pengar sjølv om Forsvarets budsjett skyt i vêret.
Lite oppløftande
Rapporten «Hvordan stiller risikokapital-investorer seg til å gjøre investeringer i norske forsvarsrelevante teknologibedrifter? – en undersøkelse blant norske investormiljø» teiknar eit lite optimistisk bilde for små og mellomstore bedrifter (SMB-ar) som ønsker å bidra til Noregs forsvarsevne. Sjølv om den nye langtidsplanen for forsvarssektoren (LTP) signaliserer milliardsatsingar og ambisjonar om å inkludere nettopp slike verksemder, møter dei innovative selskapa ei kald skulder i investormarknaden.
Vegen gjennom dødens dal
FFI-rapporten peikar på ei rekke konkrete utfordringar som skremmer vekk investorane. Blant dei mest sentrale er den vanskelege tilgangen SMB-ane har til Forsvaret som sluttbrukar. Dermed manglar verksemdene ofte innsikt i reelle behov. Frå før er det eit velkjent problem at vegen gjennom «dødens dal» er lang. Frå ein lovande demonstrasjon av teknologi til ein faktisk salsavtale eller kontrakt blir signert med Forsvaret er det ei lang og usikker strekning.
I tillegg blir det stilt skyhøge krav til finansiell soliditet, pluss at ein skal gjennom ei rekke tunge sertifiseringar. Slike krav kan det vere vanskeleg for mindre bedrifter å oppfylle.
Investorane etterlyser også at det blir opna meir opp rundt Forsvarets behov og framtidige planar for kva dei treng, og dessutan fleire møteplassar der dei kan knyte kontakt med forsvarssektoren og potensielle investeringsobjekt.
Sentrale aktørar svarte
FFI sende ei spørjeundersøking til 72 investorar og fekk 18 svar. Det gav ein svarrate på 25 prosent. I tillegg gjorde instituttet eigne intervju med ni sentrale aktørar i investormiljøet.
FFI-forskar Frode Berg Olsen, Line Thorsberg og Mariann Ødegård står bak den nye rapporten.
Etisk tvil og omdømmerisiko
Krigen i Ukraina har synt kor viktig det er å vere teknologisk overlegen i moderne krigføring. Likevel veg etisk tvil og potensiell negativ innverknad på omdømmet tungt for mange investorar når det gjeld forsvarsrelatert teknologi. Dette såkalla ESG-omsynet (environmental, social, and governance standards, miljø, sosiale forhold og forretningsstyring) gjer at mange fond og investorar kvir seg for å satse på ein sektor som blir assosiert med våpen og konflikt.
Ein respondent seier det slik: «Det som vil være en problemstilling, er hvis du hadde hatt et selskap som selger droner, og man får en forestilling om at det kun er for sivilt bruk. Og så plutselig dukker det opp en nyhet som viser at dette har vært brukt i våpen. Og så er det noe [...] fælt som har skjedd rundt det.»
Problem for heile Nato
Ei mager trøyst er at dei norske verksemdene ikkje er åleine om å møta manglande investeringslyst. Leiaren for Natos militærkomité, den nederlandske admiralen Rob Bauer, avslutta i januar den fireårige sjefsperioden sin med å kritisere bankar og pensjonsfond. I eit intervju med Financial Times peika han på den manglande investeringsviljen slike institusjonar har overfor våpenindustrien. Han meinte dei ikkje ser potensialet for store fortenester, til dømes sett i lys av auka etterspurnad etter forsvarsmateriell etter Ukraina-krigen.
Bauer peikte på at enorme summar vil bli brukt på forsvar i Nato-landa i dei kommande tiåra, men at mange finansinstitusjonar framleis avstår frå investeringar, av etiske grunnar knytte til at våpen drep.
Særleg mindre våpenprodusentar slit med å få finansiering for å auke produksjonen. Den europeiske investeringsbanken (EIB) er blant dei som seier nei til å finansiere våpenindustrien, noko som har ført til press frå EU-kommisjonen og fleire EU-land om at banken må endre strategien sin.
Det norske oljefondet har investert i enkelte store våpenprodusentar, men fleire forskarar og økonomar meiner fondet bør gjere meir for å sikre våpen til Ukraina. Oljefondet sjølv viser til mandatet sitt og etiske retningslinjer som forbyr investeringar i visse typar våpen.
I intervjuet varsla Bauer at Nato vil gi konkrete bestillingar på forsvarsutstyr til medlemslanda for å bygge eit heilskapleg forsvar, noko som vil auka presset på land som ikkje har nådd Natos toprosentmål for forsvarsutgifter.
Forsvaret må snakke tydelegare
FFI-rapporten fortel at investorane blei spurde om kva Forsvaret sjølv kan gjere for å auke attraktiviteten til forsvarsretta teknologi som investeringsobjekt.
Råda var tydelege: Gjer det meir opent kva som er behova og korleis prosessane er. Gjer kommunikasjonen om avgjerder og tidslinjer betre, og vurder tiltak for å minske den økonomiske risikoen for både små bedrifter og investorar.
Tidlegare og tydelegare dialog med potensielle leverandørar, og mekanismar for raskare testing og validering av ny teknologi, blir også trekt fram som viktige grep.
Staten kan vere risikobuffer
FFI-rapporten syner til ein tidlegare rapport frå Investinor, selskapet som forvaltar det norske bidraget til Natos innovasjonsfond. I denne blir det peikt på den rolla staten kan ta i å intervenere i marknaden. Det gjeld spesielt i nedgangstider eller ved behov for store samfunnsmessige skifte.
– I lys av den nølande haldninga investorane har til forsvarssektoren, kan det argumenterast for at staten bør vurdere å opptre meir aktivt. Slik kan ein minske risikoen for private investorar og sikre tilgangen til nødvendig kapital for innovative norske forsvarsbedrifter, seier rapporten.
Eksotisk besøk
Forskarane møtte eit miljø som var litt overraska over å bli spurt om desse tinga.
– Ein av dei vi snakka omtalte det som «eksotisk» at vi kom på besøk, fortel Frode Berg OIsen.
Overraskinga kan ha si forklaring i at dei aldri før hadde hatt ein slik visitt.
Representanten dei møtte hos Norsk Venturekapitalforening sa ho ikkje kunne hugse at Forsvaret eller forsvarsrelevante teknologibedrifter nokon gong hadde vore tema for møta og diskusjonane i foreininga, iallfall så lenge ho hadde vore der.
– Det kan i seg sjølv vere et interessant funn. Vona er at vi gjennom undersøkinga har vore med på å sette temaet meir på dagsordenen, seier Olsen.
Forsvaret treng leverandørane
Konklusjonen i FFIs rapport er klar: Forsvarssektoren er avhengig av ein robust og teknologisk leiande leverandørindustri. Tilgang til risikokapital er essensielt for at små og mellomstore bedrifter skal kunna vekse seg til pålitelege partnarar.
Somme faktorar, til dømes lange prosessar og tryggingsomsyn, er vanskelege å endre. Likevel finst det råd for å gjere sektoren meir attraktiv for investorar. Først og fremst handlar det om å opne opp og kommunisere betre.
– Om ikkje risikerer Noreg å gå glipp av viktig innovasjon og teknologiutvikling innanfor eit stadig viktigare område, seier Frode Berg Olsen.