Her er fallgruvene i det nye Syria

FFI-forskarar har studert Syria nøye i årevis, ikkje minst fordi landet har vore sentralt i terror retta mot Europa. Statusen eitt år etter diktatoren Bashar al-Assads fall peikar mot at landet no kan få ei meir stabiliserande rolle.

Tre personar på scenen under FFI-frukosten som handla om Syria etter Assads fall.
No ser dei håp i lappeteppet Syria: Truls Tønnessen (til venstre), Brynjar Lia, og Gudrun Bertinussen peika alle på positive utviklingstrekk i Syria, eitt år etter diktaturets fall. Heilt til venstre i bildekanten, programleder Espen Hofoss. (Foto: Anders Fehn Halvorsen)

Det var i Syria og Irak terrororganisasjonen IS fekk fotfeste. Herifrå starta dei ei terrorbølge som råka Europa hardt. Samstundes leidde president Bashar al-Assad eit gjennomkorrupt valdsregime. Han baserte landets økonomi på narkotikaproduksjon.

8. desember var det nøyaktig ett år siden Assad-regiment ble veltet. Hva har skjedd i Syria det siste året. Det får du høre mer om i dagens episode av Ugradert. Episoden inneholder lyden fra FFI-frokosten: Ett år etter Assads fall - Hva skjer i Syria? Her får du en oppdatering med professor Brynjar Lia og sjefsforsker Truls Hallberg Tønnessen. I tillegg deltar Gudrun Bertinussen fra Care Norge i en panelsamtale med Lia og Hallberg Tønnesen.
Lytt til episoden:

8. desember 2024 fall Assad. Årsdagen for dette blei ettertrykkeleg feira i heile landet.

FFI markerte dagen med eit frukostmøte om situasjonen i Syria slik den er no. På Deichmanske bibliotek i Oslo møtte publikum forskarane Brynjar Lia og Truls Hallberg Tønnessen, saman med utanlandssjef Gudrun Bertinussen i Care Norge. Dei tre teikna opp eit bilete prega av så vel optimisme som djupe og vedvarande utfordringar.

Utgangspunktet for møtet var at FFI i årevis har forska på internasjonal terrorisme. Etter Assads fall og etterfølgjande flukt til Moskva har merksemda rundt Syria falle. Likevel kan utviklinga i landet få mykje å seie for omverda i tida framover.

Frå jihadist til president

Ein person har hatt ei særstilling i det som no skjer.

Sjefsforskar Truls Tønnessen ved FFI sa at den mellombelse presidenten Ahmed al-Sharaa har vore gjennom ei ekstrem forvandling. Han har gått vegen frå å vere tilknytt organisasjonen som var forløparen til IS, og sidan ei al-Qaida-avdeling, til no å leie landet. 

Det er ikkje kvardagskost at ein mann som inntil nyleg stod på USAs terrorliste no i november fekk møte Donald Trump i Det kvite hus. Presidenten uttrykte då beundring, og spraya han med Trump-parfyme (!). Al-Sharaa har også hatt møte med Russlands president Vladimir Putin, fleire arabiske leiarar og president Macron i Frankrike. Han er kort sagt inne i verdas eksklusive selskap av statsoverhovud.

Ein uventa suksess

Opprøret som syraren leidde blei ein uventa stor suksess. Faktisk så stor at det overraska opprørarane sjølve. Ved hjelp av digital infiltrasjon, dronar og krigstrøytte motstandarar stod dei til slutt i hovudstaden Damaskus, utan eit enormt blodbad. Den relativt fredelege offensiven resulterte i 400-500 drepne.

– Sjølv om Syria framleis er langt unna eit fungerande demokrati har al-Sharaa stått i bresjen for viktig institusjonsbygging, påpeikte Brynjar Lia, professor i Midtausten-studiar ved UiO og deltids FFI-forskar.

Han synte til at landet har fått på plass ein mellombels konstitusjon, ei teknokratisk overgangsregjering og har halde indirekte val til ei nasjonalforsamling.

I tillegg har dei ført ein anti-narkotikakampanje for å bli kvitt Assads berykta Captagon-produksjon. Captagon er eit amfetamin-liknande produkt som på eit tidspunkt var Syrias viktigaste eksportinntekt, med ei årleg omsetning som truleg utgjorde mange milliardar amerikanske dollar.  Somme har meint at verdiane oversteig det offisielle bruttonasjonalproduktet i landet, og i praksis gjorde Syria til ein narkostat.

Overgangane er så markante at Lia vel å sjå optimistisk på situasjonen:

– Syria har definitivt ikkje blitt ein mjukare versjon av Taliban-regimet i Afghanistan, slik eg frykta rett etter regimeskiftet, sa han.

Brynjar Lia på scenen med FFI-banner i bakgrunnen.
Etter 54 år med diktatur kan vi neppe forvente at Syria vil vere i stand til å føre rettssaker på løpande band, sa Brynjar Lia. Han synte til at også det norske rettsoppgjeret etter krigen tok lang tid. (Foto: Anders Fehn Halvorsen)

Pusterom og forsoning

Gudrun Bertinussen i Care var samd med Lia. Care (Cooperative for Assistance and Relief Everywhere) er ein av dei største humanitære organisasjonane i verda. Dei har arbeidd med Syria i ei årrekkje.

Bertinussen kjenner området godt. Etter å ha besøkt Syria nyleg, stadfesta ho at det er ei lette og ei ny kjensle av fridom i landet. Ho såg ei stor endring etter Assads fall.

– Medan syrarane ikkje kunne snakke fritt under Assad-regimet, opplever dei no at det også følger ansvar med det å snakke fritt.  Dei har ikkje fått øve seg  på ytringsfridom, og er redde for å bidra til splitting og vald. Dei har samstundes ein felles syrisk identitet i botnen.

Ho fortalde om møtet med ein bonde. Han var klar over at det var store utfordringar til både det å skape avlingar og bygge opp garden sin. 

– Men heller enn å klage, la han til at «dette skal vi klare, for no er vi fri og sønene mine har ei framtid».

Bertinussen såg også teikn til forsoning i dei større byane, der sunniar, kristne, alawittar, kurdarar og drusarar bur og jobbar saman. Ho fortalde om ein tidlegare etterretningsoffiser under Assad. Han hadde fotfølgd henne medan ho arbeidde i landet. Etter Assads fall flykta han. Ho lurte på kvar han blei av.

– Så fekk eg vite at han har dukka opp att i Aleppo. Det er eit lite teikn på håp og at det kanskje er mogleg å bli en del av det nye Syria for alle. En pensjonert Hisballah-kriger som hadde kjempa mot Nusra-fronten var også håpefull, til mi store overrasking.

Ho fastslo at det no er stor aktivitet rundt om i Syria for å rydde opp, med reparasjonar av til dømes skolar og vegar. Straumforsyninga er mykje meir på plass. I dei store byane er den tilnærma stabil, etter at mange kunne oppleve å ha maksimalt to timar straum per dag.

Kvardagsøkonomien til folk tek seg opp, no som handelen ikkje lenger er kontrollert av regimet og av enkelte familiar. Opposisjonelle blei hindra frå å få jobbar eller bustader. Også denne praksisen er borte, sa Bertinussen.

Gudrun Bertinussen i panelet under FFI-frokosten i desember 2025.
Gudrun Bertinussen i Care Norge understreka at kvinnene framleis manglar heilt elementære rettar i Syria. (Foto: Anders Fehn Halvorsen).

Kontroll over framandkrigarane

Likevel er situasjonen i Syria langt frå frydefull.

Truls Tønnessen peikte på tryggingsutfordringane. Den største uroa knyt seg til dei rundt 5000 framandkrigarane som framleis er aktive i Syria. Rundt 3000 av desse er uighurar frå Kina.

– President al-Sharaa har valt å integrere desse krigarane i den nye hæren, sa Tønnessen.

– Ein avtale frå juni gjorde at dei kunne inkluderast i ein eigen divisjon. Dette er ei pragmatisk løysing, som handlar om det er betre å ha dei innanfor enn utanfor.

Forskaren trur at al-Sharaas utvikling bort frå jihadisme kan påverke andre til å tone ned den valdelege ideologien sin.

Gjenståande ekstremistgrupper er likevel ei utfordring. IS er framleis aktive i Syria og Irak, men talet har sokke til om lag 3000 krigarar. Syria samarbeider no med USA for å hindre at landet på nytt blir utgangspunkt for internasjonal terror.

Fangar og leirar er eit anna problem: Rundt 9000 IS-krigarar sit i kurdiske fengsel. Om lag 8500 utanlandske kvinner og barn er i leirane al-Hol og al-Roj. Somme av dei har vore der i mange år.

Gudrun Bertinussen peika på at situasjonen til desse menneska er svært vanskeleg, med radikalisering som ein risiko.

Global splitting

Syria er framleis eit lappeteppe av interesser og sonar, der både regionale makthavarar og fleire land spelar nøkkelroller. Det gjer sitt til at det blir både komplekse spel og ulike splittingar, slik FFI presentasjon synte:

Russland har ein stor innverknad i landet via militærbasane dei faktisk fekk behalde i Tartus og Latakia. Dette er russaranes einaste basar i Middelhavet, og eit springbrett for  å ha innverknad i Afrika. Russland var ein viktig støttespelar for Assad, men skifta side etter opprøret. Ved at Syria lét vere kutte banda til Moskva hindrar dei at Russland finansierer nye opprør.

Tyrkia er ein av Syrias viktigaste militære allierte, og støttar militær opplæring. Samstundes pressar landet på for å avvikle det kurdiske sjølvstyret, og det går føre seg ei rivalisering med Israel om dominans i Syria.

USA har framleis styrkar i Syria som ein del av anti-ISIL-koalisjonen. Amerikanarane spelar ei nøkkelrolle i spørsmålet om å oppheve sanksjonane. USA bidreg til kontroll over IS, og har nyleg snudd i spørsmålet om ei full tilbaketrekking av styrkar.

Israel fører ein einsidig krig med åtak mot Syria, som ikkje svarar på desse. I tillegg okkuperer Israel landområde i sør. Dei allierer seg også med drusiske militsar, som er motstandarar av det nye syriske regimet.

Humanitær krise og stor ulikskap

Det mest prekære i Syria er truleg den humanitære situasjonen. 90 prosent av folket lever under fattigdomsgrensa. To av tre er i kategorien «ekstrem fattigdom».

– Dei som har det vanskelegast er kvinner som er blitt forlatne, som sit åleine med mange barn og som har vendt tilbake til øydelagde landsbyar, sa Gudrun Bertinussen.

Ho peika på at den marknadsliberale tilnærminga i landet gir stor prisauke på basisvarer og ei ujamn fordeling av veksten, noko som kan leie til sosial uro.

Kvinners rettar står det dårleg til med: Kvinnene i den nye nasjonalforsamlinga utgjer berre seks sete av dei 119 som til no er valde, altså under fem prosent. Presidenten skal så velje 70 representantar til for å sørge for brei representasjon av alle delar av det syriske samfunnet. Det har enno ikkje skjedd.

– Al-Sharaa har lova ein kvinneprosent på 20, men nei. Det er også viktig å vite at kvinnerørsla kjempar for dei heilt enkle rettane, som å få nødvendige papir, fødselsattestar eller å registrere barna på skolen utan samarbeid frå ein fråverande ektemann, sa Bertinussen. 

Oppgjeret tek tid

Kva så med sjølve oppgjeret etter dei 54 åra med eit svært brutalt Assad-regime? Familien styrte Syria frå 1970 til 2024, fordelt på far og son. Hafez al-Assad kom til makta ved eit militærkupp. Han styrte i nesten 30 år. Ved hans død i 2000 overtok sonen Bashar.

Brynjar Lia ser at det kjem lite kritikk mot at tidlegare regimeoffiserar som var involverte i krigsbrotsverk no blir arresterte. Han understrekar samstundes at rettsprosessane går sakte. Etter borgarkrigen er det framleis ikkje ført ei einaste rettssak for krigsbrotsverk.

– Vi kan ikkje vente at Syria skal vere i stand til å føre rettssaker på løpande band. Heller ikkje i Noreg var det eit hurtig rettsoppgjer etter krigen. Slike ting tek tid, sa han.

Truls H. Tønnesen på scenen med en FFI-banner i bakgrunnen.
Truls Tønnessen trur president Ahmed al-Sharaas utvikling bort frå jihadisme kan påverke andre til å tone ned den valdelege ideologien sin. (Foto: Anders Fehn Halvorsen)

Investeringar heller enn støtte

Den syriske økonomien kollapsa etter dei interne stridane som starta i 2011. Infrastrukturen blei øydelagd mange stader. Produksjonen var lamma og internasjonale sanksjonar kvelte mykje av handelen.

Innleiarane på FFI-frukosten var optimistiske på vegner av Syria. Dei var samde om at landet har eit enormt potensial.

– Eg trur at om 7-8 år har syrarane gjort veldig mykje for å gjenreise infrastrukturen sin, sa Bertinussen.

Ho meinte at Noregs viktigaste bidrag er å støtte syrarar som ønskjer å jobbe med politisk kultur, ytringsfridom og kvinners rettar.

Brynjar Lia la til at syriske styresmakter vil ha investeringar, ikkje berre bistand. Landet legg vekt på at dei på sikt ønsker å bli uavhengige av internasjonal hjelp. Lia foreslo å opprette eit fond der norsk-syrarar og nordmenn kan søke om midlar for å starte «noko produktivt i Syria», for å hjelpe økonomien med å gro nedanfrå.